
Gudsteneste i Øvre Rindal kapell
Det var høgmesse i Øvre Rindal kapell søndag. Det var barnedåp og nattverd, takkoffer til Kirkens nødhjelp og fasteaksjon. Dagens preiketekst og preike finn du under.
Trygve Halgunset skal berast til dåpen under gudstenesta i Øvre Rindal Kapell sundag 10.april kl.11. Tippoldefar hans laga i si tid døypefonten. Dåpskjolen er frå Nordland og vart laga til oldemor hans i 1915. Me skal høyre om kristentru som tradisjon, men og som liv med Kristus lengre enn tida finst. Hjarteleg velkomne til kyrkje!
Planar om å drepa Jesus – Joh. 11, 45-53.
Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han. Men nokre gjekk til farisearane og fortalde kva han hadde gjort. Då kalla overprestane og farisearane saman Rådet og sa: «Kva skal vi gjera? Denne mannen gjer mange teikn. Lèt vi han halda fram slik, kjem snart alle til å tru på han, og romarane kjem og tek både den heilage staden og folket vårt." Ein av dei, Kaifas, som var øvsteprest det året, sa då: «De skjønar ingen ting. De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne». Det sa han ikkje av seg sjølv. Men fordi han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket. Ja, han skulle ikkje berre døy for folket, han skulle òg samla til eitt dei Guds born som er spreidde rundt omkring. Frå den dagen la dei planar om å drepa han.
Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han. Men nokre gjekk til farisearane og fortalde kva han hadde gjort.
Då kalla overprestane og farisearane saman Rådet og sa: «Kva skal vi gjera? Denne mannen gjer mange teikn.Lèt vi han halda fram slik, kjem snart alle til å tru på han, og romarane kjem og tek både den heilage staden og folket vårt.»
Ein av dei, Kaifas, som var øvsteprest det året, sa då: «De skjønar ingen ting.De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne.»Det sa han ikkje av seg sjølv. Men fordi han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket.
Ja, han skulle ikkje berre døy for folket, han skulle òg samla til eitt dei Guds born som er spreidde rundt omkring.Frå den dagen la dei planar om å drepa han.
Skal lure kva han tenkjer, denne Jon Halgunset på Grøset. Han har teke oppdraget: Her skal det bli døypefont til kapellet! Det er fyrst på 1900-talet, og Jon gjer døypefonten så fin som han kan. Kompakt og tung er den så det held, og lite og ingenting anna kan han heller brukast til enn akkurat formålet. Der skal døypast og ikkje noko anna.
Litt lengre ut på 1900-talet sit ei dame Nordland og syr. Det skal bli dåpskjole. Ho gjer seg føre og ho gjer fint arbeid. Dåpskjolen skal brukast ved store anledningar i framover – like til i dag når Trygve blir døypt i dåpskjolen som oldemor Haldis Hope vart døypt i i 1915.
I dag går linjene tilbake til to av Trygve sine ganske nære slektningar: Oldemor Haldis Hope og tippoldefar Jon Halgunset.
Kva dei gjorde, desse som levde før oss, anna enn å laga dåpshendinga finare enn høgst nødvendig? Strengt tatt treng ein ikkje dåpskjole og blonder eller forseggjort døypefont for å bli døypt. Det kunne vorte lell, om så berre i eit vaskefat på ein krakk.
Me veit lite kva dei tenkte, desse som – i ytterste konsekvens – la til rette for Trygve sin dåp i dag. Kva dei følte og tenkte, veit me ikkje. Men kva dei lèt etter seg har me: Ein dåpskjole i familien sin eige og ein døypefont i det huset som er vår kyrkje.
Husfliden og Bondelaget ville kalla det tradisjon. Heldigvis er det også mange av oss som kjem fyrst med det begrepet når dåp og kristentru er tema. Me er ikkje så avkristna og tradisjons-tomme som visse rikssynsarar vil ha det til.
Ta ikkje ifrå oss kristentrua, for den vil me ha. Ta ikkje ifrå oss dåpen, for me vil han den òg. Og helst i dåpskjolen som høyrer slekta til, og som om ikkje det var nok: I døypefonten som ikkje berre alle i rett nedstigande linje frå Jon Hagunset har vore døypt i, men som òg har gjort nytta for det meste av slekta.
Tradisjonane våre er heilage for oss. Så òg kritentrua, kapellet, døypefont og dåpskjole, Fadervår og julefeiringa, kyrkjegarden og …
… så kan me kanskje like greit ta det heilt ut og seie at Jesus er heilag for oss også?
Han tok munnen i meste laget full, han Kaifas, som snakka sannare enn han sjølv hadde vit på. Uansett kva han forstår eller ikkje sjølv, så seier han i alle fall at det er likar` om ein døyr for folket enn at heile folket går til grunne.
I ettertidas klåre lys kan me sjå det og endå til tru det: Jesus døyr for at folket ikkje skal gå til grunne. Jesus døyr for å berge folket – for å berge meg. Og veit de: Det er DIFOR me døyper! I Kristi død, dette at ein døyr for folket – og så i min død ved at eg døyr med Kristus i min dåp … det er der krysningspunktet ligg mellom tradisjon på den eine sida og visjon lengre enn auga rekk på den andre.
Kristus død for meg. Eg død med Kristus i min dåp. Heilag handling er det. Og evig framtid.
Paulus kan forklare dette betre enn meg – høyr ifrå Romarbrevet 6:
Veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans? Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og slik Kristus vart oppreist frå dei døde ved sin Fars herlegdom, skal vi òg vandra i eit nytt liv. Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans.
Dette er livet i Kristus. Dette er livet i dåpen. Me vart døypt til døden hans. Det var nå eingong betre at han døydde for folket.
Kva så? Det kan vera me blir eitt med Kristus i ei oppstode som er lik hans. Det skal visst bli!!

.png)

