
Gudsteneste i Øye kyrkje sundag 3. oktober
Tre born er meldt til dåp, det blir nattverd og preika blir over det Markus skriv om i 10,17-27, skriv sokneprest Lene Gåsvatn om gudstenesta neste søndag. Teksta er igrunn eit trist avsnitt: Ein ung kar kjem til Jesus og spør kva som skal til for å få det evige livet.
Snart kjem det fram at han har halde alle boda, - var det mogeleg?! Så blir det spørsmål om rikdom, og då blir det verre. Historia endar med at den unge mannen fèr bort, han er sorgtung av di han var svært rik. I preika skal eg ta utgangspunkt i revy-visa ”Om eg var ein rik mann, di-del-du-del-di-del dig-ge dig-ge bi-di bi-di bank …” Velkommen til kyrkje! Lene Gåsvatn.

.png)

