
Gudsteneste-snikring
Me har ikkje tradisjon for å halde på med snikring på raud-dagane. Skjærtorsdag blir eit unntak i Øvre Rindal kapell. Me skal snikre gudsteneste i lag når me samlast til kveldsmat og samtale kl.19.30. Fellesskap skal det vera. Me skal syngja i lag. Og me skal dyppe brød og drikke vin slik Jesus gjorde det med læresveinane den siste påska han levde. Hjarteleg velkomne til ein gudsteneste i fellesskap!

.png)

