
Guste gøytt i Granheim!
Unni Ultnveit og Tor Erik Jenstad har funne kvarandre gjennom musikken. Unni Ultveit spelte blokkfløyte, eller ”måttetin stolfot,” som Jenstad så treffande kalla det. Han sjølv trakterte trekkspelet, som etter hans eigen definisjon er ei innretning som lagar om frisk luft til dårleg musikk. Det er nok ei ”underdrivelse”, desse to kunne sine instrument og varta opp både med Där näckrosen blomma, Bruravals frå Sunndal, Huldrevals frå Nordmøre og Bansull frå Hitra.
Publikum vart tekne med på ei språkleg og musikalsk bildevandring.
Unni Ulltveit hadde teke bilda som vart viste,- vakre naturbilde frå seinsommar og haust, og Tor Erik Jenstad kom med kommentarar. Kjært barn har mange namn, heiter det. Slik er det også med både plantar og dyr. Tyttebæra, til eksempel, er tyting, tyteng eller tytt’bær alt etter kvar du oppheld deg, og krekling kan kallast både pessbær og pessravvall, truleg av di han har vore bruka som vassdrivande middel.
Mange gode historier vart delt med publikum i dag.
Kvifor dei kallar seg Trebitmerra og Feppeldall’n? Jau, det har seg slik at Unni Ulltveit si blokkfløyte er så innspela og godt bruka at ho har fått bitemerker i enden, - difor Trebitmerra.
Og Jenstad sit no, etter eige ord, og ”fepplar” men knappane på trekkspelet sitt, (bilde til høgre) og er ein ekte feppeldall, som kanskje kan forklarast som ein upraktisk person.
Mykje folk i Granheim i dag, og spesielt gøytt var det å sjå at det var den yngre generasjonen i grenda som hadde regien og varta opp med god mat og drikke, og folk gav seg god tid denne fine septemberettermiddagen.
Og du veit vel kvifor rindalingen aldri tullar seg bort når han er på molttur?
- Han går etter molt-kart.