sju partitoppar til valdebatt ingr

Håpar på godt oppmøte på valdebatt

Dei politiske partia som stiller liste i Surnadal ved valet, inviterer innbyggjarane i kommunen til debatt ved Surnadal kulturhus 4. september. Der håpar dei å få folk ned frå gjerdet, og ikkje minst å få folk til å bruke stemmeretten sin.

Onsdag 4. september inviterer dei sju partia med valliste i Surnadal til standar og debatt.

Listetoppane Eli Vullum Kvande (MDG), Tor Rune Halset (H), Mali Hildrun Settem (KrF), Annett Ranes (Ap), Margrethe Svinvik (Sp), Nils Petter Tonning (FrP) og Ole Stensby (SV) stiller i debattpanelet, og det vert og jobba med å få fylkesrepresentantar frå dei partia som stiller liste ved fylkeskommunen til å halde appellar.

Opplegget startar med at alle partiar står på stand frå klokka 18.00, før det vert debatt med Svein Sæter som ordstyrar frå klokka 19.00 og om lag to timar framover.

Der vil alle partia få tre-fire minutt til rådigheit til å halde eit innleiingsinnlegg, før det går over i ein åpen debatt, utan førehandsbestemte tema.

Publikum vil få mulegheit til å stille spørsmål til lokalpolitikarane, som og vil stå på stand etter at debatten er ferdig.

– Det er positivt at folk får møtt dei ulike partia etterpå, i tilfelle det er noko dei ønskjer å spørre om eller få avklara, seier Annett Ranes, og får støtte av Nils Petter Tonning.

Han håpar på betre valdeltaking enn ved førre kommuneval.

– Sist tippa vi vel så vidt 60 prosent, så vi må få veljarane ned frå gjerdet, seier FrP-listetoppen.

Tor Rune Halset viser til Halsa som eit døme på at det er veldig viktig å vere i framkant og bruke stemmeretten, dersom ein vil ha noko ein skulle sagt om vidare demokratiske prosessar.

– Folk må delta, og bruke stemmeretten.

– Vi håpar at vi klarar å mobilisere førstegangsveljarar, og folk som ikkje har bestemt seg. Sist var valdeltakinga låg i sentrum, så vi håpar på større valdeltaking der. Det er mykje som skjer i sentrum, så folk derifrå bør absolutt bruke stemma si, seier Margrethe Svinvik.

Når det gjeld kva saker dei trur vil stå sentralt i debatten, er partia uenige.

– Klima bør vere sentralt, slår MDG-listetopp Eli Vullum Kvande fast.

Inger Johanne Iversen, som var på pressetreffet som stand-in for SV-listetopp Ole Stensby, seier seg heilt enig med Kvande.

– Eg trur næring og Todalsfjordprosjektet blir viktige saker i debatten, seier Halset.

Då Nils Petter Tonning deretter trakk fram sjukehusstriden mellom Kristiansund og Molde, var diskusjonen i full gang allereie snaue to veker før debatten.

Eli Vullum Kvande understreka kor viktig og bra det er at sju parti stiller liste i Surnadal.

– Eg tykkjer det er utruleg bra for bygda at så mange ulike stemmer blir representerte under valet. Det gjev ei kjempegod og viktig bredde for gode diskusjonar og vedtak dei neste fire åra, seier ho.

sju partitoppar til valdebatt.jpg
Frå venstre: Nils Petter Tonning (FrP), Inger Johanne Iversen (SV - stand-in for listetopp Ole Stensby), Eli Vullum Kvande (MDG), Tor Rune Halset (H), Annett Ranes (AP), Mali Hildrun Settem (KrF) og Margrethe Svinvik (SP).