Fasteaksjon tysdag:

Hald bøssepengane klare!

Tysdag går årets Fasteaksjon for Kirkens Nødhjelp. Mange vil ha bøssepengane klare når konfirmantar og andre innsamlarar kjem på døra.

Årets innsamling har som særleg målsetting å skaffe reint vatn til folk i krise. Kirkens Nødhjelp set store midlar inn både i sanitærtiltak der det trengst, i førebygging av naturkatastrofer og andsynes politikarar og myndigheter når det gjeld klimaspørsmål.

Dei lokale kyrkjelydane organiserer tysdagens innsamling – som startar klokka 17 i dei fleste bygdene.

Tidlegare innsamlingar har vist at folk flest tek vel imot bøsseberarane og viser stor gjevarvilje. Blir det nye rekordar i år og?

Fasteaksjon tysdag PR_690x587.jpg
Bildet viser konfirmantar frå Åsskard klare for innsats. Frå venstre Christer, Fride, John Inge, Hans, Marius og Silje.

(Bernt G. Bøe)