åsen_350x263

Skal skje ved vegkrysset nedanfor bygdetunet mot Østbødalen

Har avgjort plasseringa av gamle Øye skule

Surnadal formannskap har einstemmig gått inn for at plasseringa av gamle Øye skule ved Surnadal museum på Åsen, skal skje ved vegkrysset nedanfor bygdetunet mot Østbødalen. Skulen skal plasserast på ein liten kolle, skjerma av nokre toller med ein opparbeidd skuleplass i tilknyting til bygget. Huset skal stillast opp slik at det naturleg glir inn i omgivnadane rundt.

Grunnarbeidet på tomta kan gjerast av entreprenør, under føresdetnad av at kostnadane ikkje må overstige 76.000 kroner. Desse kostnadane kjem i tillegg til kostnaden på 466.500 kroner for oppsetting av skulen.

I mai i år vedtok kommunestyret at gamle Øye skule skulle settast opp, med frivillig dugnadshjelp. "Gammelskulen" skal primært brukast som museum, og eventuell ekstra plass kan nyttast til temautstillingar og liknande.

5. november var det synfaring på Åsen, med representantar frå Åsens venner, byggenemnda, Nordmøre museum og kommunen. Frå fylkeskonservatoren møtte Jens Petter Ringstad. Etter ein gjennomgang på dei forskjellige alternativa og ei synfaring i området vart det semje om at ønska plassering av skulen er ved krysset nedanfor bygdetunet mot Østbødalen.

Ringstad meinte dette var ei god plassering ut frå historisk tankegong – skulane låg ved ein veg og hadde eit område som vart bruka som skuleplass. Han meinte og at det med tida bør byggjast ein utedo og eit vedskjul i samband med skuleplassen. Ringstad fortalte også at han allereie i 2006 foreslo denne plasseringa av gamle Øye skule.

Ettersom det ikkje er andre gode tomteforslag på museumsområdet, ser ein for seg at dette er det einaste alternativet, men det kjem inn ein tilleggskostnad for grunnarbeidet som ikkje kan reknast inn i den summen som vart løyvd i formannskapet i juni. Dette fordi grunnforholda i området er i hovudsak myr.