oblat

Har du betalt årsavgifta?

7,7 prosent av køyretøyeigarane i Surnadal og 6,8 prosent av rindalingane har enno ikkje betalt årsavgifta. Totalt skuldar norske bileigarar 713 millionar kroner. Dei gule oblata er straks historie - i år er farga blå.

Tollvesenet purrar no dei køyretøyeigarane som ikkje har betalt årsavgifta. Det vart i februar sendt ut krav om årsavgift for 3,3 millionar køyretøy med betalingsfrist 22. mars. Samla gjenstår 308 005 krav. Dette er 9,3 prosent av hovudutsendinga av krava. Årsavgifta gir staten 8,1 milliardar kroner i inntekter.

Fylkes- og kommuneoversikta over purringane er no tilgjengeleg. Sogn og Fjordane er det fylket som kjem best ut, der 7,0 prosent av årsavgiftkrava er ubetalte. I den andre enden av statistikken finn vi Finnmark, der 11,2 prosent får purring i posten.

I Møre og Romsdal er prosentandelen 7,9. Men det er stor variasjon kommunane mellom i fylket. "Versting" er Hareid, der 10,8% ikkje har betalt årsavgifta. Best ut kjem Vanylven med 4,4%.

For nordmørskommunane ser tala slik ut: Kristiansund 8,8%, Eide 8,2%, Averøy 8,0%, Gjemnes 7,1%, Tingvoll 6,3%, Sunndal 6,9%, Surnadal 7,7%, Rindal 6,8%, Halsa 6,9%, Smøla 7,2%, Aure 9,2%.

Fristen for å betale purringa er 21. mai. Dei som ikkje betalte kravet i rett tid, må betale ei tilleggsavgift på 250 kroner. For dei som betaler 395 kroner i årsavgift er tilleggsavgifta 50 kroner.

Viss avgifta ikkje er betalt innan 21. mai, vedtek Tollvesenet køyretøyet avskilta. Betalt årsavgift er eit av vilkåra som må vere oppfylt for å få kontrollmerka (oblat) frå Statens vegvesen. I tillegg må forsikring og teknisk kontroll av køyretøyet vere i orden. Statens vegvesen sender ut kontrollmerka i løpet av juni og juli. I år er merka blå.