ingress ivar næss ønsker velkommen

Har gått frå null til marknadsleiande på 10 månader

Norsk Kvalitetsmat er i vinden som aldri før. Nyleg fekk produkta deira terningkast seks i testar hos både VG og ABC Nyheter, og no ligg dei an til å doble omsetninga si frå 2019 til 2020 - og vel så det.

Ingressbilete: Ivar Næss i samband med opninga av skaldyrfabrikken (Arkivfoto).
 

– Det går godt, det vil eg seie. Vi har framgang, og har tenkt å fortsette med det, seier Ivar Næss, dagleg leiar i Norsk Kvalitetsmat.

Det er no 10 månader sidan produksjonsstart i skaldyrfabrikken deira, og ni månader sidan den offisielle opninga.

– Det har vore hektiske månader med bratt læringskurve. Vi har gått frå null til marknadsleiande på skaldyr, og det er rett og slett fenomenalt, seier han.

18 tilsette ved opninga av skaldyrfabrikken har no vorte til 22, fortel Næss.

– Vi har etablert åtte arbeidsplassar som berre held på med skaldyr. Det er artig å kunne vere med og utvikle og skape arbeidsplassar lokalt. Det betyr mykje for oss.
 

Meir enn doblar omsetninga

Norsk Kvalitetsmat-sjefen seier at det første snaue året med skaldyrfabrikk har gått over all forventning.

– Vi ligg høgare enn venta, både opp mot budsjett og salsprognosar. Det er vi glade for.

Ved opninga uttalte Næss at dei håpa å gå frå 45 millionar kroner i omsetning i 2019 til 90 i 2020.

– Så langt i 2020 følgjer vi budsjettet på 100 millionar. Det er klart, det er ganske krevjande å auke så mykje så fort. Vi har jobba mykje for å få marknadstilgangane vi har no, seier Næss.

Han peikar på god kvalitet på produkta, dyktige tilsette og marknadstilgang som heilt avgjerande for framgangen.

Og Norsk Kvalitetsmat har den siste tida hatt gode grunnar til å slå seg litt på brystet, etter gode resultat i fleire testar.

Først fekk fiskeburgeren «Cheesy chili bacon» terningkast seks då ABC Nyheter testa fiskekarbonader i slutten av april. Deretter fekk produktet «Fiskeburger med chili» terningkast seks i VG sin test av grillmat om lag ein månad seinare.

For ei veke sidan testa Dagbladet sjømat til grill, og der fekk Norsk Kvalitetsmat sine «Argentinske reker - Villfangede, med cayenne» terningkast fem, og vart samtidig kåra til dei beste rekene i testen.

Alle desse tre produkta er produsert for Coop, som saman med NorgesGruppen er ein av Norsk Kvalitetsmat sine to hovudkundar.

fiskekaker01.jpg
Fiskeburgarane til Norsk Kvalitetsmat har gjort det skarpt i fleire testar...

carla van buggenum-vermeer og brit bakken.jpg
...og det same gjer rekene. Her er Carla van Buggenum-Vermeer og Brit Bakken under åpninga av skaldyrfabrikken.


– Viser at vi har gjort noko rett

Ivar Næss fortel at bedrifta heile tida har nye prosjekt i gang, som gjeld produktutvikling.

– Det er ein viktig og kontinuerleg prosess. Til sjuande og sist det at produkta våre er gode, som gjer at folk kjøper dei om og om igjen, seier han, og legg til:

– Terningkasta vi har fått viser at satsinga vår har vore vellykka. Når eit panel, som i VG, skal teste grillprodukt, og vår grillburger er ein av berre to, som får terningkast seks - då viser det at vi har gjort noko rett på turen.

Det er ikkje tilfeldig at Norsk Kvalitetsmat valte å satse på nettopp skaldyrfabrikk.

– Vi såg at det var eit behov for skaldyr i marknaden, så det var bevisst frå vår side, seier Næss, og fortel at bedrifta har planar om nye investeringar på skaldyravdelinga:

– Ja, vi held på å gjennomføre nokre investeringar, som skal gjere at vi får betre flyt i produksjonen.

Norsk Kvalitetsmat-sjefen er klar på at det er fullt mogeleg fortsette utviklinga.

– Det ligg framleis store moglegheiter i skaldyr-marknaden. Akkurat no er vi litt i taket, med tanke på volum, men vi har allereie starta med utviding av lokalet, seier Næss.


Norsk Kvalitetsmat er medlem av Trollheimsporten.