Lørdag
Lørdag Skyet
-1°
Skyet
Flau vind
Søndag
Søndag Lettskyet
Lettskyet
Flau vind
erling talgø

Har nesten dobla omsetninga

Talgø MøreTre sin elementfabrikk har auka omsetninga si frå 38 millionar kroner i 2017, til 72 millionar i 2018. Dedikerte tilsette, store investeringar og betre struktur er blant hovudgrunnane til det, ifølge firmaet.

– Det har vore utfordrande, men kjempeartig, seier Erling Talgø.

Han er NK (nestkommanderande) Byggdivisjon ved elementfabrikken til Talgø MøreTre. Fabrikken produserer ferdige element, som deretter vert sett saman til både støyskjermar, fjøs, reiskapshus, bustader og hytter.

Talgø fortel om eit 2018 som mellom anna har inneheldt implementering av mange nye system og nytt teikneprogram:

– Desse endringane gjer at vi klarer å styre ein mykje større produksjon enn vi er vante til. I tillegg har vi investert tungt i nye maskiner, som automatisk kappanlegg og automatisk element-jigg – ei maskin som slår element sjølv, der vi berre matar den med ferdigkappa material.

Rosar dei tilsette

Erling Talgø kan ikkje få rosa dei tilsette nok, etter det som har vore eit år med store endringar og mykje læring.

– Vi er heldige som har hatt med oss dedikerte tilsette, som har vore så villige til å ta imot mykje ny kunnskap og mange nye rutinar. Det er slik Talgø har vore sidan 1899, med folk som står på og gjer ein kjempeinnsats for at vi skal lykkast, seier han, og legg til:

– Alle avdelingane har stått på, og både sal, teknisk prosjektering og produksjon har levert 110 prosent innsats kvar einaste dag. Det er heilt fantastisk å få vere med på å utvikle ei slik avdeling ilag med dei.

element1.jpg
Dei tilsette ved elementfabrikken til Talgø MøreTre får ros for innsats og stå-på-vilje gjennom eit utfordrande og utviklande år. Her produserer dei etasjeskiljar til bustadhus på Sjøholt.

Struktur, kapasitet og vareflyt

Ein så stor omsetningsauke, frå 38 til 72 millionar kroner, fører sjølvsagt og med seg enkelte utfordringar.

– Den auka ordreinngangen har naturleg nok vore ei utfordring for oss. Det er mykje som skal til for å byggje eit bygg, og frå prosjektering til produksjon er vi avhengig av stor nok kapasitet og god nok vareflyt internt hos oss. Det har vi jobba veldig mykje med i år, seier Erling Talgø.

Han fortel at dei i år og har sett resultat av flyttinga av elementfabrikken frå Surnadal til Todalen, og fått strukturert fabrikken betre. I løpet av året har Talgø MøreTre og fokusert på å betre HMS- og KS-rutinane sine, i tillegg til å verte endå dyktigare på dokumentasjon.

– I byggebransjen blir kravet til god dokumentasjon viktigare og viktigare, så innsatsen på det området er viktig, med tanke på å verte ein attraktiv leverandør for større entreprenørar, seier Talgø. Som nestkommanderande for byggdivisjon er han sentral i dette arbeidet, saman med mellom anna sjef for byggdivisjon Svein Løvik og Arve Ervik, produksjonssjef i elementfabrikken.

Vil ta nye steg i 2019

Investeringane og læringa frå 2018 skal Talgø MøreTre hauste frukter av i åra framover, og bedrifta ønskjer å fortsette utviklinga.

– Neste år skal vi vidareutvikle bruken av alle systema vi har investert i, og vekse endå litt til. Vi har teke store steg i 2018, og ved å fokusere på prosjektgjennomføringa vår vil vi ta nye i 2019, seier Talgø.

Elementfabrikken, der det jobbar i overkant av 30 personar i lågsesong pluss ein del innleigde i høgsesongen, har allereie ein ordrereserve på 30 millionar kroner for 2019.

– Det er veldig bra, og seljarane har stått på som berre det for å skaffe oss desse ordrane. Vi har i tillegg ein del eigne prosjekt, som Damlia i Trondheim, som vi ser at vi no tek til å hauste prosjekt og ordrar frå, seier Talgø.

etasjeskillere til bolighus på sjøholt.jpg
 Årets siste element under produksjon. I innspurten fredag vart det jobba flittig med etasjeskiljar til eit bygg med leiligheter, som høyrer til Damlia-prosjektet Nabo-laget.

Nabo-laget-bustader utseld

Og nettopp Damlia i Trondheim, eller Nabo-laget, som prosjektet formelt sett heiter, er eitt av fleire store prosjekt Talgø MøreTre er involvert i.

Prosjektet, der selskapet dei siste fire åra har vore med på å utvikle råtomter til nøkkelferdige leiligheiter, skal bestå av 39 nye og moderne familiebustader.

Pågangen blant kjøparar har vore stor, ifølgje Erling Talgø.

– Alle 14 i byggetrinn 1 er no utselde, og vi har allereie starta salet av einingar i byggetrinn 2.

Nabo-laget er eit viktig og utviklande prosjekt for Talgø.

– For oss har dette vore ein kjempenyttig læringsprosess, med utvikling av eigedom frå start til slutt. Vi har brukt mykje tid - over lang tid - men lært veldig mykje. Det gjer at vi no har mykje ny kunnskap om denne typen prosjekt, seier Talgø, og legg til:

– No har vi komme så langt at vi ser at dette held på å bli verkeleg bra, noko interessa for bustadane og viser.

etasjeskilere til leilighetsbygg damlia, trondheim.jpg
Talgø MøreTre sin elementfabrikk har auka omsetninga si frå 38 millionar kroner i 2017 til 72 millionar kroner i 2018.

damene på element med juletre.jpg
Anna Maria Gielzakowska og Justyna Krajewska sørgja for både juletre og julestemning i elementfabrikken fredag.

prosjektet_grafikk.jpg
Byggetrinn 1 av Talgø sitt Nabo-laget-prosjekt i Trondheim er utseld, medan salet av byggetrinn 2 har åpna, fortel Erling Talgø.

bilde1-2.jpg
Slik vil fasaden på Damlia-prosjektet framstå når bustadene er ferdige.

bilde3-2.jpg
Nabo-laget i Trondheim skal etter kvart innehalde 39 bustader, og Talgø har jobba med prosjektet i fire år.

 

Alle foto: Talgø.

Talgø er medlem av Trollheimsporten.