Harde hjarte?!
Kvinne og mann skulle helst vore eitt, men enkelt er det korkje no eller før. Dette var tema i preika i Øvre Rindal kapell sundag. Og det var dåp for Mathilde Grønning Svinsås. (Bilde nedst på sida).
Kapellet 11.10.15. Markus 10,2-9.
Noen fariseere kom og spurte ham: «Har en mann lov til å skille seg fra sin kone?» De ville sette ham på prøve. «Hva har Moses påbudt dere?» sa han. De svarte: «Moses har tillatt mannen å skrive skilsmissebrev og sende henne fra seg.»
Da sa han til dem: «Fordi dere har så harde hjerter, har Moses gitt dere dette budet. Men fra begynnelsen av, ved skapelsen, skapte Gud dem som mann og kvinne. Derfor skal mannen forlate sin far og mor og holde fast ved sin kvinne, og de to skal være én kropp. Så er de ikke lenger to; de er én kropp. Og det som Gud har sammenføyd, skal mennesker ikke skille.»
Ein kan undrast kva som gjer dette med livet og samlivet så utfordrande – eller beint ut sagt vanskeleg. Eit par kan vera strålande forelska, kjenne på at det er meir, bli bevisst ein stor og genuin kjærleik, stifta familie og leva vel.
Det er vel knapt nokon skildring av lukkeleg forelskelse som kjem på line med Arne Garborg si Haugtussa:
Den galne guten min hug hev dåra;
eg fanga sit som ein fugl i snòra;
den galne guten, han gjeng so baus;
han veit at fuglen vil aldri laus.
Å gjev du batt meg med bast og bende;
å gjev du batt meg so banda brende!
Å gjev du batt meg so fast til deg,
at heile verda kom bort for meg!
Det er fantastisk å ha det slik, men ein kjem nok altids tidsnok ned på bakken. Kva så? Er det lov eller er det ikkje lov for ein mann å skille seg frå kjeringa? Me merkar oss også at lova er endra frå dengong då til no: Heldigvis er det slik her til lands at det også er lov for kvinner å bryte opp frå ekteskapet.
Men det skulle ikkje vore slik! Det skulle ikkje vore slangar i Paradis der djevelen sjølv drog Eva og Adam bort frå det gode forsettet dei var skapt til.
Det skulle ikkje vore plass for noko hardt hjarta i denne flotte skapningen som heiter for mennesket. Men slik har det gått.
Er det nokon som kjenner og erfarer dei harde hjartene, så er det Jesus sjølv. Han kjenner gufset frå farisearane der dei spør og grev i eit genuint ynskje om å få sett fast denne Jesus Josefsen, få duppa han nedåt ein gong for alle.
Eg har forundra meg ein del over korleis kjærastepar, sambuarpar eller ektepar kan skifte så fort mellom den djupaste kjærleik og den verste avsky.
Det kan vera avgrunnen mellom det gode og det vonde blir såpass djup fordi både kjærleik og hat i så stor grad handlar om vilje og erkjennelse:. Eg er forelska, eg er glad i, sanneleg elskar eg òg! Livet er herrrrleg, folkens!
Og så, når det blir i meste laget vanskeleg å halde i hop, blir omkvedet så tvert imot: Eg er skuffa, eg er forsmådd, eg er sviken, eg har det vondt i dette forholdet, eg må vekk frå den …. å kalle eksen sin for dust blir gjerne for mildt.
Frå byrjinga var det ikkje slik. Då var mennesket nakent og avkledd og hadde ikkje noko å skjule korkje for Gud eller kvarandre.
Kor eg unnar absolutt alle å ha det slik! Tenke seg til å kunne vera avkledd utan å ha korkje valkar eller innerste tankar å skamme seg over? Utan redsel for at det skal kunne brukast til skyts ved neste korsveg, ordveksling og krangel?
Men slik har me det gjerne ikkje. Korleis skal me då få til det gode liv og den gode heimen? Eg vil tru me kjem langt på veg med å innsjå at me ikkje får det til. Me får ikkje til å vera som me skulle.
Og her ligg det kristiske punktet: Kva gjer me når me ikkje er som me skulle?
Me kan dekke over og benekte, skulde på den andre, furte og fylle opp bitterheitslageret.
Eller me kan bite i graset, sjå ansvaret vårt i kvitauget og inrømme. Inrømme at me ikkje får til å vera som me skulle. Inrømme at me treng at einkvan ser stort på oss og elskar oss slik som me er. Også når sjølvkjensla vår er på Lite Godt.
Så ligg bøna om tilgjeving såre nær erkjennelsen. Det er gjerne når me erkjenner at me treng tilgivelse at me kjem nær kvarandre og har fundament for å bygge samliv som skal vare.
Kvar vart det av dei harde hjarto? Me får håpe det ikkje blir så mykje bruk for dei. Med eit ope liv i tru og tillit både ut og opp, blir det så livet held seg levande og blodet i kroppen held seg flytande.
Det er mykje av både håp og framtid for dei som er seg bevisst å ha bruk for nåde.
Mathilde Grønning Svinsås med foreldre og fadderar