Haustlys i Galleri Finstuå

Surnadal kunstforening ønsker velkomen til Haustlys 7.-15. november med opning laurdag sjuande i Galleri Finstuå i vårt regionale kulturhus i Surnadal. NOFO og KIR (kulturskulen) held konsert ved opninga og i år har vi ei annleis utstilling enn det vi har hatt i det siste, fortel Anne Mogstad Strickert i invitasjonen.

Torbjørg Ness med billedvev og Marion Otterlei med foto stiller ut. - Vi trur at kombinasjonen av desse to måtane å uttrykke seg på, vil gi ei fin, spennande utstilling. Vi er ekstra glade fordi begge utstillarane er medlemmar i Surnadal kunstforening, fortel Strickert.
 
Marion Otterlei
Marion seier om seg sjølv: "Jeg har fotografert i 40 år og liker å delta i konkurranser både innenlands og utenlands. Blant anna var jeg med og vant Grannkampen - fotolandskampen mot Sverige - tidligere i år." Bildet ho deltok med vart utstilt på Fotomässan i Gøteborg, seinare på Fotografi 2009 i Oslo. I Norsk Selskap for Fotografis landskonkurranse har ho tidlegare vunne tre sølv og to bronse. Ho har levert bilde til illustrasjon i bøker, mellom anna 'Vårsøglandet' av Svein Sæter og 'Hvorfor fly flyr' av Erlend Larsen. Tidligare hadde ho mørkerom der ho framkalla og laga eigne bilde, både dias og fargebilde på papir. Marion starta tidleg med digital fotografering og er glad for å ha  fått oppleve denne spennande tida med så rask utvikling på foto.
 
Torbjørg Ness
Torbjørg Ness er født i 1950. Ho har tre års tekstilutdanning, 1974 - 77, form og farge, og studiar ved NTNU, 2001 - 2005, med bachelorgrad i kunsthistorie. I 1980 begynte ho med billedvev. Ho har delteke ved juryerte kollektivutstillingar i regi av Trondheim Brukskunstforening og Midtnorske Kunsthåndtverkeres årsutstilling. Torbjørg har hatt to separatutstillingar i Olavshallen i Trondheim, ho har hatt utsmykkingsoppdrag  for Erkebispegården i Trondheim og Sivilforsvarets skole, og ho er innkjøpt av offentlege institusjonar i Trondheim og Trøndelagsfylka. Torbjørg seier om seg sjølv: "Jeg forsøker å formidle natur og sanseopplysninger gjennom et abstraktert formspråk i teppene. Tema som for eksempel skiftende årstider, lys og mørke, musikk og rytmer er noe av det jeg prøver å finne uttrykk for i billedveven."
Ta opp vedlegget nederst og sjå heile invitasjonen frå Surnadal kunstforening. Der finn du og opniongstidene for utstillinga.

invitasjon Haustlys 09.doc