2017-10-08

Hausttakkefest i Mo kyrkje

Bondekvinnene hadde pynta Mo kyrkje til takkefest denne søndagen. Prost Leif Endre Grutle leda gudstenesta, Brage Bjørnstad Dimmen vart døypt, 5.-klassingane fekk kvar sin Bibel, og det var nattverd og kyrkjekaffe.

 

2017-10-08 12.30.04.jpg
Brage Bjørnstad Dimmen med foreldre og fadderar.

2017-10-08 11.53.31.jpg
Soknerådet ved Berit Synøv Fugelsøy og prost Grutle delte ut Bibel til 5.-klassingane.

2017-10-08 12.25.57.jpg
Bondekvinnene hadde pynta kyrkja med årets avling.

Preiketeksta var frå Lukas 12 vers 16 og utover:
Og han fortalde dei ei likning:
        «Det var ein rik mann. Jorda hans hadde bore god grøde, 17 og han tenkte med seg: ‘Kva skal eg gjera? Eg har ikkje rom til grøda mi. 18 Jau, slik vil eg gjera: Eg vil riva ned uthusa mine og byggja dei større, og der vil eg samla kornet og alt eg elles eig. 19 Og så vil eg seia til meg sjølv: No har du mykje godt liggjande, nok for mange år. Unn deg ro, mi sjel, et, drikk og ver glad!’ 20 Men Gud sa til han: ‘Uvituge menneske! I denne natt blir sjela di kravd tilbake. Kven skal då ha det du har samla?’
    21 Slik går det med den som samlar skattar til seg sjølv og ikkje er rik i Gud.»

2017-10-08 12.30.44.jpg