43376047_334841997066652_5219316117197029376_n

Hausttakkefest

Presten Vidar Rygh sa i preika at det er så mykje vi har å takke for; alt frå nattverden til gulrot og havre. Og vi er takknemlege for 5.-klassingane som var der og fekk kvar sin bibel med namnet sitt skrive inni.

Ilag med klokkar Sverre Hatle dro presten fram ein kortversjon av bibelen for 5.-klassingane,- om ein kan kalle den lange rullen for det. Slik at dei skulle sjå nokre "highligts" før dei gav seg i kast med heile boka.

Idun Meisingset og Eiri Lysø spela trompet ilag med organist Oddveig Helset Halle. Og organisten spela eit veldig lystig og flott postludium før folk fekk kyrkjekaffe og forsyne seg av pynten som låg i fat og traug. Det var Øvre Surnadal bygdekvinnelag som bidro med det.

Tekst/foto: Tove Mogstad.

43379741_2251670061746407_2334457868046041088_n_690x920.jpg
Skriftrullen

43340018_177682293149945_7544197260439977984_n_690x690.jpg

43342634_404910523379967_2826605878298279936_n_690x920.jpg

43476382_960891377445435_6928489874374787072_n_690x920.jpg

43498495_971801526357045_8331933625901645824_n_690x920.jpg