Jo og ørnen_1024x683

Havørnen på vengene igjen!

Havørnen som vart funnen i forkommen tilstand på Flessa sist fredag, er på vengene igjen! Etter tre døgn på låven til Jo Heggset i Surnadal, vart den sett ut igjen ikkje langt frå funnstaden måndag ettermiddag. Den unge havørnen let seg ikkje be to gonger da grepet kring klørne hans vart lausna. Den kasta seg på vengene og styrte utover sjøen, over Flessaholmen og vidare utover til den forsvann ut av syne. Eit godt teikn, meinte vertskapet hans dei siste tre dagane.

 

Jo Heggset har hatt denne flotte gjesten på låven sin i tre dagar. Her er gjesten på Flessa, klar til å takke for seg. Alle foto: Norunn Holten

Det såg stygt ut for havørnen etter at den hadde hamna under ein trestokk, totalt fastklemt, sist fredag. Berre flaks gjorde at stokken tilfeldigvis hadde hamna midt på turstien som går mellom Flessa og Trodalen, og at det kom folk forbi før det var for seint. Da turgåarane letta på stokken, baska ørnen seg fram og nedover berget. Der vart den liggjande på ryggen med utspente venger og klørne i veret rett nedom turstien. Da Jo Heggset og Marita Sæter kom for å hente han ca ein time seinare, låg ørnen framleis i same stilling. Synet som møtte dei var derfor ikkje lovande.

Alt før dei dro frå Flessa, kunne dei likevel fastslå at fuglen hadde kvikna til. Dei tok han med seg til observasjon på låven heime. Jo Heggset fortel at han har vore i kontakt med ekspertar på ørn, og konferert med dei. Det er desse som meiner at ørnen må vera ein ung hofugl. Stuven blir nemleg kvit på ein vaksen havørn, men det var den ikkje på denne. Elles har dei ikkje gitt fuglen noka form for behandling, fortel han. Den var full av mat da dei fann han, så dei har heller ikkje trengt fore den.

Elles ser tredagarsopphaldet i Surnadal ut til å ha gjort underverk for fuglen. Allereie da den vart tatt ut av kassen den vart frakta tilbake til Flessa i, ville den av garde, og viste at den hadde krefter. Under assistanse av Marita Sæter vart den sett ned på ein stubbe ved hyttene på Flessa, og derifrå bar det til havs. Det at han flaug så langt til å begynne med, kan takast som eit godt teikn. No vil berre framtida vise korleis det går med havørnen. Under opphaldet i Surnadal er den blitt merka, slik at det er muleg å identifisere den om noko skulle skje med den seinare. Men så langt ser det altså ut til at historia om den makelause havørnen på Flessa skal ende godt.

Vil du lesa det vi tidlegare har skrive om ørnen, kan du klikke her.

Marita helde vengene samla slik at dei får frakta ørnen til ein passande plass for å sleppe han.

Havørnen blir losa ned på ein stubbe rett ovanfør hyttene på Flessa.

Jo Heggset slepper dei farlege klørne til ørnen.

Ørnen lettar og tek peiling mot sjøen. Vengespennet på ørnen vart målt til 2,30 meter under opphaldet i Surnadal.

Litt tungt å få høgde til å begynne med, men....

......snart ber det opp i lufta. Her ser vi ørnen midt i bildet, mellom land og Flessaholmen. Deretter steig han over holmen og forsvann ut av syne.

Jo Heggset er fornøgd med enden på ørnehistoria sjølv om han måtte nøye seg med eit bitt i kinnet i staden for ein ha-det-klem.