Surnadal Arbeiderparti melder:
Hedret langt og trofast medlemsskap
Under årsmøtet til Surnadal Arbeiderparti sist veke var det enkelte medlemar som fekk ekstra merksemd og heder.
No har det seg slik at ved omlegging av medlemsregisteret til nytt datasystem først på 1980 talet, så kan det ha sneke seg inn feil innmeldingsdato for nokon. Så dersom det er fleire som har 50 års medlemsskap eller meir, så ber Surnadal Arbeiderparti om at dei tek kontakt med leiar Olav Bergheim for å rette opp dette.
Ut ifrå dei opplysningane partiet sit inne med no, er det 4 stk som har gjort seg fortent til takk og ekstra oppmerksomhet.
Dei fire er:
Synnøve Gjerstad for 50 års medlemskap
Odd Magnar Møkkelgjerd for 50 års medlemskap
Jakob Teilgård for 60 års medlemskap og
Lars E. Heggset for 70 års medlemskap
Av desse var Synnøve Gjerstad til stades på årsmøtet.
På bildet ser vi Knut Halset som tok imot blomster og heder på vegne av svigerfaren Jakob Teilgård. I midten Eirik Årek, kommunal politisk rådgiver frå Arbeiderpartiet sentralt. Til høgre hedersprismottakar Synnøve Gjerstad.
Tekst og foto: Surnadal Arbeiderparti.