Heidra ferske NM-vinnarar
I helga deltok fleire av elevane på Surnadal vidaregåande skole på NM i Taekwon-Do som vart arrangert i Tromsø. Dei kom heim med svært gode resultat, så no kan skolen skryte av to ferske Noregsmeistere, to sølvvinnarar og ein bronsevinnar!
Bragda vart feira med blomsteroverrekking frå rektor Mons Otnes, og kakelag saman med medelevar. Vi gratulerer så mykje med medaljane. Vi er stolte av dykk! Det skriv skolen på sin facebookside facebook.com/surnadalvgs.
2 x gullvinnar Sunniva Sørvik Grimsmo og gull- og sølvvinnar Mari Fiske i 1ST1, saman med rektor Otnes og kontaktlærar Jon Moen:
Sølvvinnar Råg Dyrnes Schei i 1EL1 saman med rektor Otnes:
Bronsevinnar Maren Berg i 3ST1 saman med rektor Otnes og kontaktlærar Einar Sødergren:
Det er verdt å merke seg at i klasse 1ST1 er det berre sidan i sommar blitt heile tre Norgesmeistere! I tillegg til Sunniva Grimsmo og Mari Fiske i Taekwon-Do, deltok Guro Øie Bævre på laget som vann gull under Landsskyttarstevnet 2014! Ikkje rart at rektor er stolt!