BlimE-dansen på Øye skule
Heile skulen dansa i takt!
Heile Øye skule dansa i takt
Fredag 25. okt. kl.12.00 dansa 340 elevar på Øye skule BlimE-dansen i idrettshallen. Dansen skal vise at elevane bryr seg om kvarandre.
Øye skule var ikkje åleine om å danse kl. 12.00 fredag. Over 660 skular dansa, og over 135 000 born rundt om i landet dansa BlimE-dansen samstundes. «Dette er rart og fint å tenkje på» som ein elev sa. Det var NRK Super som drog dette prosjektet i gang i 2012. Så det er andre året at skuleelevar over heile landet dansar BlimE-dansen i takt.
Kjersti Mahle Brøske som har vore prosjektleiar ved Øye skule, seier at dei med BlimE-dansen vil sette fokus på eit trygt og inkluderande miljø. BlimE handlar om at alle skal bli med. Ingen skal måtte stå utanfor . Vi skal vere venner og bry oss om kvarandre. Det å danse i lag er heilt klart og ein aktivitet som skapar glede og fremjar det sosiale miljøet.
Innøvinga av BlimE-dansen har føregått på tvers av alder og klasse. Dette gjer at elevane blir trygge og bryr seg om kvarandre.
BlimE-dansen ligg og på nettet, så nesten alle har øvd flittig heime og.
Slik vart det og ei stor oppleving for publikum. Eg, pensjonert lærar, har aldri opplevd så mange skuleelevar danse i takt. Så godt å sjå at alle er samla på tvers av alder og klasse. Vart heilt rørt av dansegleda og samhaldet dei utstrålte!
7 elevrådsrepresentantar delte på konferansieroppgåva på ein ryddig måte. Sitat frå noko av dette:
«Vi skal, som vi alltid gjer når vi er i lag, starte med å syngje skulesongen vår» (Teksta til Øye-songen vart skrive av elev Elise Kristiane Einum til 50-årsjubileet i 2008)
«Vi i elevrådet tykkjer det er bra at vi på Øye Skule viser at vi vil at alle skal ha det bra og at alle skal vere venner. BlimE-dansen lagar ikkje vennskap av seg sjølv, men får oss til å høyre og tenkje meir over kor viktig det er at alle er med – samtidig som vi dansar og har det gøytt i lag!»
«Akkurat no, klokka 12 i dag, gjer ca. 600 skular akkurat det som vi gjer no: Elevane har samla seg for å danse BlimE-dansen, ein dans for vennskap og samhald.»
9 elevar frå 5.trinnet var svært flinke fordansarar!
«BlimE-dansen skal filmast og sendast til nettsida til NRK Super slik at vi og alle andre som vil, kan sjå at vi dansar. Da blir vi nesten som kjendisar!»
«Takk til alle som har vore med på BlimE-dansen! Det er bra å sjå at vi vil arbeide for eit godt miljø og at alle skal trivast på skulen. Vi gjer oss sjølve ein stor applaus!»
Og vi på galleriet applauderte heilhjarta med.
Anne Vognild Einum ( pensjonist, tidlegare lærar på Øye skule)
Les meir om BlimE-dansen her på NRK Super
Prosjektleiar Kjersti Mahle Brøske, Aron Telstad Sollid og Ola Nordvik. Gutane likte veldig godt å vere elevrådsrepresentantar for da fekk dei vere med å bestemme. Dei tykte og det var stas å få vere konferansier i idrettshallen. Dei meinte det var veldig viktig å arbeide mot mobbing i skulen, og at det å danse i lag er positivt for vennskap.
Noen av dei minste dansarane
Klikk på bilda under og sjå dei større eller i serie