Magnus Bjørgan, Mons Otnes_350x254

Heilt i 100 med Lokalsamfunn med MOT

Surnadal er kommune nummer 100 som er blitt med i Lokalsamfunn med MOT. Det markerte regionleiar Magnus Bjørgan, ordførar Mons Otnes og kommunale leiarar og rektorar med marsipankake og avtalesignering tirsdag.

Lokalsamfunn med MOT er ein modell for å nå best muleg inn til ungdom med den haldningsskapande organisasjonen MOT sin filosofi og bodskap om trygge ungdomsmiljø.

- Det handlar om mot til å leve, mot til å bry seg og mot til å seie nei. Eit godt eksempel på lokalt grep er Surnadal IL si avgjerd om ikkje å arrangere 16. mai-fest, seier ordførar Mons Otnes.

Han gler seg no til å få med frivilligheita i kommunen i tillegg til skulane som allereie er involvert.

Målet er at alle kommunar som er med i MOT i løpet av sommaren skal signere avtalen som gjer at statusen blir endra til Lokalsamfunn med MOT.