Rindal IL fotball:
Heimesiger
Heimelaget Rindal fekk sundag besøk av Trondheimslaget Kolstad 2, og etter ein tam første omgang, blei det målkalas i den andre!
I flott spelevèr og ei aldeles utsøkt Rinnvollenmatte, fekk dei frammøtte altså sjå ein heller bleik første omgang av begge lag. Ingen av laga skapte noko store sjansar. Einasta unntaket var eit skot frå Jørgen Gjerstad som strauk tverliggaren.
Trenar Morten Møller hadde antaglegvis sagt nokre velvalgte ord i pausen, for det var eit svoltent heimelag som entra banen i andre omgang! Berre etter få minutt gjekk heimelaget opp i leiinga etter at storscorar Roy Bolme fekk eit nydeleg gjennomspel av Are Aune. Bolme runda keeper og sette ballen i nettaket! Om ikkje det var nok; Berre minuttar etter får Bolme ballen noko tilfeldig etter rot i bortelagets forsvar, og set ballen i nettet nok ein gong! 2 - 0! Det stoppa ikkje der, for når omgangen berre er 18. minuttar gamal set Roy Bolme sitt tredje mål for dagen! Ekte hat-trick for den aldrande storscoraren!
Etter dette dalar kampen i intensitet og bortelaget kjem seg etter Rindals pangstart. Etter fleire halvsjansar klarar Kolstad å setje ballen bak, ein til då; nærast arbeidsledig Anders Grytbakk. 3 - 1. Kampen jevna seg ut og bortelaget kom til fleire store sjansar, men etter ca 75 minutts spel kom den siste spikeren i kista for Kolstad; Etter eit flott angrep av heimelaget, vart Sander Landsem Kattem spelt i gjennom på venstresida, og Kattem satta ballen frekt inn ved stolperota og fastsette resultatet til 4 - 1 til Rindal. Det må også seiast at heimelaget vart snytt for eit mål då Roy Bolmes scoring vart feilaktig annulert for offside. Men 4 - 1 vart det, og heimelaget kunne innkassera 3 poeng!
Rindals bestemannspris må gå til tremålscorar Roy Bolme, men vil også trekkje fram Are Aune og Martin B. Fjerstad som begge gjorde ein god kamp trass sin unge alder!
Rindal IL - Kolstad 2 4 - 1
Rindals lag. (mål i parantes)
Anders Grytbakk, Edvard B. Fjerstad, Martin B. Fjerstad, Are Aune, Jørgen Gjerstad, Stian Bolme, Jostein Landsem, Harald K. F. Røen, Sander Kattem Landsem (1), Roy Bolme (3), Håkon Mikkelsen. Benytta innbyttarar: Brage Elshaug Storholt, Lars A. Møkkelgård, Jøran Heggem
Martin Fjerstad i kamp!
Blidspent tremålscorar, kaptein Roy Bolme
Mål! Sander K. Landsem set inn 4 - 1 på sylfrekk måte!