friends

Heldig er den ungdommen som har teite foreldre

Surnadal Kommune i samarbeid med Kompetansesenteret for Rus Midtnorge ønskjer å invitere til ein gratis seminardag om foreldrerolla og rusbruk hos barn og unge.

Seminaret retter fokus mot foreldrerolla som den viktigaste ressursen i det førebyggjande rusarbeidet, og viser korleis skulen, FAU og hjelpetenestene kan gjennomføre eit foreldremøte om temaet.

Tid: 17. mars kl 10.00-15.00
Stad: Surnadal kommunehus, Kommunestyresalen

Målgruppe: Lærarar, helsesøstre, politi, FAU, idrettsleiarar, kulturarbeidarar, PPT, barnevernet og andre som skal kommunisere med foreldre om dette temaet.

Innhald:

 

10.00-11.15:
Heldig er den som har teite foreldre v/ Rita Valkvæ  (kompetansesenteret for rus)

11.30-12.30:
Lausmunna nytenking i grupper:
- Det finst ikkje perfekte foreldre, men når er vi bra nok?

12.30-13.00:
Lunsj (medbrakt eller få kjøpt på kantina)

13.00-13.30:
Korleis gjennomføre eit foreldremøte på ein god måte? v/ Rita Valkvæ

13.30-14.15:
Lausmunna nytenking - Gruppearbeid til bruk på foreldremøte:
- Kva grenser kan foreldre sette for å førebyggje skadelege rusmiddelvanar hos eigne ungdommar.

14.15-14.45: Presentasjon av arbeidet i gruppene

 

14.45-15.00:
Korleis vil kommunen og skulen dra nytte av denne kunnskapen og utvikle arbeidet vidare saman med foreldra? v/ Grethe B. Snoen og Aase V. Moen.

 

                  
Påmelding skal sendast på mail til: annett.ranes@surnadal.kommune.no innan tysdag 15. mars.