
Heldig er den ungdommen som har teite foreldre
Surnadal kommune i samarbeid med Kompetansesenteret for Rus Midtnorge inviterer til gratis seminardag om foreldrerolla og rusbruk hos barn og unge. Seminaret retter fokus mot foreldrerolla som den viktigaste ressursen i det førebyggjande rusarbeidet, og viser korleis skulen, FAU og hjelpetenestene kan gjennomføre eit foreldremøte om temaet. Tid: 17. mars klokka 10.00-15.00. Stad: Kommunestyresalen. Målgruppe: Lærarar, helsesøstre, politi, FAU, idrettsleiarar, kulturarbeidarar, PPT, barnevernet og andre som skal kommunisere med foreldre om dette temaet. Les meir om detaljert program og påmelding på kommunen si heimeside.

.png)

