DSC_0372

Heldiggrisane i Børset

Saman med tre andre familiar har Edvin og Gøril Bakken hatt utegrisar i over 20 år. Dei får tak i dei i juni og forer og steller med dei til siste helga i oktober, da er det slakting.

– Eg har alltid vore glad i dyr, fortel Edvin, som voks opp på Rindalsgjeret.

– Når eg var liten var det nok hesten eg var mest glad i, men vi hadde alle slags dyr, gris óg.

I Austihusa på Børset har dei laga seg ein nydeleg heim, huset er ei kvit og raud trønderlån med hage med mange forskjellige blomar og tre, og små koselege uteplassar der ein kan sitte og drikke kaffe. Grisane går like ved.

DSC_0370.jpg

– Det er mykje underhaldning i grisane, skjønner du. Eg snakkar ofte med dei, seier Edvin.

– Snakkar med dyr som eg snakkar med folk, eg, det er ein vane, eller kanskje ein uvane, ler han.

I år fekk dei grisane da det var på det varmaste i juni.

Grisane kan bli solbrente og spesielt i nakken og på øyro, fortel Edvin. Er det for varmt likar dei å rulle seg i blaut jord og late seg i skuggen under trea som står i grisehagen.

Likevel tek Edvin og Gøril fram solkremen når sola steikar som verst. Nei, solbrente skal ikkje dyra bli.

DSC_0376.jpg
Erik, Jesper og Rasmus Børset Solbu er på besøk hos besteforeldra på nabogarden.
 

I år fekk dei tre rånar og ei purke. Purka er minst, men er likevel sjefen, det er ikkje vits i å prøve seg å nærme seg henne når dei et mat, da får dei seg ein hard dult. 

Det hender seg at dei legg seg i mattrauet.

– Det er kanskje difor grisar har fått det «grisete» ryktet sitt. Dei er iallfall reinslegare enn mange andre dyr. Dei har ein fast plass dei gjer frå seg, seier Edvin.

Mat må grisane ha, og dei gjer det ikkje på den mest lettvinte måten. Mat som skal kastast får dei av butikkane.

Det rare er at desse dyra som rotar så mykje i jorda ikkje vil ha råe jordgrønsaker, seier Edvin. Potet, lauk, kålrot og andre grønsaker blir koka i ei gryte ute i hagen. Gøril minnes korleis dei gjorde det på nokre gardar og småbruk når ho var lita.

– Gryta med mat til grisen sto ofte og putra på vedomnen heile dagen, matrestar og rotna grønsaker laga ei lukt eg hugsar godt.

DSC_0383.jpg

DSC_0384.jpg
 

Grisane et det meste, men dei må av og til venne seg til ny mat. Dei får alt muleg, matrestar, frukt, grønsaker.

– Ein gong fekk vi mykje plommer frå Stangvika, fortel Gøril.

– Grisane gjekk rundt og spytta plommesteinar den dagen.

Edvin trur at ein kan lære grisen kva det skal vera.

– Dei er intelligente dyr. Eit år var utgarden for høg, da gjekk dei ned på ekrene her nede, men kom alltid heimatt til kvelds. Dei følgjer etter meg når eg reparerer utgarden og er veldig sosiale. Dei er fornøyelege dyr!

DSC_0380.jpg
Grisane ser svært så fornøgde ut.

Mia Bakken foto privat.jpg
Mia Bakken med grisane (Foto: privat)
 

Siste helga i oktober er moroa over for grisane. Lite veit dei vel om kva som ventar dei, slaktinga går føre seg på garden. Ola Bakken, sonen til Gøril og Edvin er sjefsslaktar. Da er alle familiane som eig grisane til stades, alle hjelper til, alt frå besteforeldre til barnebarn.

– Fellesskapet og arbeidet under og etter slaktinga er det trivelegaste eg veit om, seier Gøril. Da brukar vi helga på å dele opp grisane til mange sortar mat, fryse blod, lage kjøttdeig og leverpostei, pakke kotelettar, skinker, sylteflesk, filetar og ribbe.

DSC_0385.jpg
Gøril og Edvin Bakken.
 

«Heldiggris» er vel namnet på den grisen som ikkje blir slakta til jul, men grisane på Børset er jammen heldige, så vi kallar dei heldiggrisar, likevel. Eller er det kanskje Edvin og Gøril som er heldiggrisane som får vera saman med desse herlege dyra år etter år.
 

Trollheimsporten er invitert til slaktinga til hausten.