Tips en venn
Send til e-post:
Fra e-post:
Melding:
Kode 
Kjell Håve Leirfallbok_cropped_421x310

Boksignering på Coop Prix i Rindal

Heller storm enn stille. Jon Leirfall - meir enn seksti politiske år.

Historikaren Kjell Håve har kome med ein ny veldokumentert biografi om stortingsrepresentanten Jon Leirfall. Fredag 14.desember vil Håve selge og signere boka si på Coop Prix i Rindal. Seinare blir det signering både i Surnadal og Todalen.

Alle over 45-50 år kjenner Leirfall denne trønderske politikaren for dei gode replikkane. Boka heiter «Heller storm enn stille», og dermed har vi også ein karakteristikk av Leirfall.


 

Jon Leirfall (1899-1997) var sentral i norsk politikk i meir enn seksti år, gjennom Bondelaget, Bondepartiet og Senterpartiet. Han var skarpskodd debattant, strateg, forfattar av historiske verk og sogebøker, omstridd og respektert.


 

Kjell Håves biografi er veldokumentert, og går grundig inn på dei urolege trettiåra og den sentrale rolla Leirfall spelte både før og etter Quisling var forsvarsminister i Bondepartiets regjering og Leirfalls tid som flyktning i Sverige under andre verdskrigen.


 

Historikaren Kjell Håve skildrar kampen for partiet og til dels mot Per Borten, Kings Bay-krisa og andre stortingsdebattar, og ikkje minst den omfattande forfattarskapen etter at Jon Leirfall gjekk ut av Stortinget i 1969. For dei historiske bøkene hausta han fagleg ros og heidersprisar. Med sogebøkene spidda han politikarkolleger og andre, og oppnådde noen av dei høgaste salstal noen norsk forfatt har fått.


 

Under Stortingsmiddagen i oktober vart denne nye biografien om Jon Leirfall nemnt i H.M. Kongens. Dermed er det grunn til å tru at H.M. Kongen har lese boka!


 


 

Forfattaren Kjell Håve vil selge og signere boka om Jon Leirfall

Coop Prix Rindal fredag 14.desember frå kl.16:00 – 18:00

Coop Mega på Skei laurdag 15. og søndag 16. desember

ICA Todalen mandag 17.desember