Legevakt, institusjonane, heimetenester og bu- og aktivitetstenesta
Helse og omsorg
Institusjonane
Institusjonane i Surnadal kommune består av sjukeheimen som ligg på Skei og Stangvik aldersheim.
Sjukeheimen (over) vart offisielt åpna 16.10.97 og det var eit flott bygg som kommunen kunne tilby sine brukarar og tilsette. I 2006 opna sjukeheimen ei ny skjerma eining. Den nye delen av sjukeheimen har 32 store, fine lyse pasientrom med eige bad. Vi har og store og fine fellesrom som blant anna spisestuer på kvar post, arbeidstue, peisestue og kantine. Stangvik aldersheim med 15 bebuarrom vart åpna i 1986 og ligg idyllisk til ved Stangvikfjorden. Tenester i eininga institusjonar blir gjeve etter lov om kommunale helse-og omsorgstenester m.m.
Vi kan tilby følgjande tenester:
-
Langtidsavdeling med 32 plassar
-
Bu-og avlastningsavdeling med til saman 18 plassar, derav 1 avlastningsplass, 1 plass for rulleringsopphald, 1 tryggleiksplass (underlagd heimetenesta) 4 korttidsplassar og 12 langtidsplassar.
-
Skjerma eining (for demente) med 16 plassar
-
Stangvik Aldersheim med 15 langtidsplassar
-
Storkjøkken som produserer mat for begge institusjonane, omsorgsboligane, heimebuande og skule
-
Eige vaskeri som og vaskar noko klede til skular, museum, omsorgsbustad og Bu og avlastning
-
Dagsenter (underlagt helse og rehabilitering)
-
Rehabiliteringsavdeling (underlagt Helse og rehabilitering)
Vi har følgjande mål:
- gje den einskilde tryggleik for nødvendige pleie- og omsorgstenester i samsvar med dei gjeldande lover og forskrifter.
- sikre at brukarane blir ivareteke med sine grunnleggjande behov.
- respektere det einskilde mennesket sitt eigeverd og livsførsel, og gje større rom for brukarmedverknad og personlege ønskje i den daglege omsorga.
Institusjonane har knytta til seg 80 årsverk med nesten dobbelt så mange tilsette. Stillingane er fordelt på sjukepleiarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, assistentar, aktivitør og merkantilt personale. Lege, ergoterapeut, fysioterapeut og reinhaldarar er og knytta til sjukeheimen.
Fagteam:
Vedtak om plass i institusjonane blir gjort av einingsleiar ved Institusjonane og einingsleiar ved Heimetenesta. Det er oppretta eit fagteam som koordinerer dette. Fagteamet vurderer og plass i omsorgsbustad. Leiar i fagteamet er einingsleiar for Institisjonane. I tillegg sit oversjukeplear ved Bu og avlastning, leiar for Rehabiliteringsavdelinga, oversjukepleiar i Heimetenesta samt lege og sekretær i dette teamet.
Alt om institusjonane og personar du kan kontakte her på heimesidene til Surnadal kommune.
Legevakt
Treng du legehjelp på dagtid- kvardagar - kontakt Surnadal legesenter, telefon: 71 65 78 00.
Utanom åpningstida kan legevakta nås på telefon 72 48 01 00 (måndag – fredag kl.16.00 – 09.00, samt laurdag og sundag). Alt om legevakt og ambulanse - øyeblikkelig hjelp 113 - her.
Heimetenester
Heimetenester er eit samlebegrep for heimesjukepleie og heimehjelp. Alt her!
Buteneste, avlasting og dagsenter. Administrasjonen har kontor ved Surnadal sjukeheim og Omsorgsbustadane.
Bu- og aktivitetstenesta
Bu- og aktivitetstenesta gir tenestetilbod til menneske med utviklingshemming i Surnadal kommune. Nabokommunane kan kjøpe eks. tenester som avlasting og dagsentertilbod. Tenestene er heimla i Lov om helse- og omsorgsteneste § 3-2, første ledd nr.5 og 6. Dette omfattar:
- Praktisk bistand og opplæring til dei som har eit særskild hjelpebehov.
- Avlastingstiltak for personar og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.
- Støttekontakt for personar med utviklingshemming.
- Plass i institusjon eller bustad med heildøgn omsorgsteneste for dei som har behov for det på grunn av funksjonshemming.
- Lønn til personar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.
Ønskjer ein nokre av desse tenestene må ein sende søknad eller ta kontakt med einingsleiar. Søknadane blir vidare handsama og fatta vedtak om i Klientutvalet. Meir om bu- og aktivitetstenesta her med praktisk bistand, avlastning, støttekontakt, bustad og andre tenestetilbod samt kontaktpersonar.
Meir om helse og omsorg her!
Under institusjonane i Surnadal: