Karianna helsa far med Nordmørsminne og Hans Rotmo med eigen song til Henning
Henning, Knut og Johnny saman igjen i ein fantastisk gebursdag
Fenomenal kveld
Det vart ein fantastisk, ja fenomenal kveld, i ein fullsatt Surnadal Idrettshall, da Vårsøghelga inviterte til "Henning så langt" - 60 års gebursdagsfeiring.
Det vart ei massemønstring av store dimensjonar av song, musikk og kultur. Alle prisa dei Henning Sommerro, til det ikkje var meir å hente fram.
Karianna helsa far
Til sist var det Karianna Sommerro (til høgre) som helsa far sin med Nordmørsminne og eit lite dikt, ein omskriven Vårsøg-låt og tekst av Hans Hyldbakk, som introduserte Vårsøg (Henning, Johnny Gausemel og Knut Blekken): - No ska Vårsøg møtast - store ting ska stje!
Før det hadde Hans Rotmo (under) ei eigen hylling til Henning Sommerro med nyomsett tekst - og med det eigen song: "Henning frå Surnadal".
Henning solist
Hyllinga av musikaren, komponisten, den rigide regelryttaren og toillballen og nordmørsskalden, ville mesta ingen ende ta. Vårsøg framførte "Gravøl e Merradala", "Dei er trygge til jul i Sauda" og "Vårsøg", den siste saman med strykarar og heilt til slutt måtte Henning sjøl vera solist i "E Slåttatæja".
Kvelden starta med verdas lengste kø frå fylkesvegen til idrettshallen, før folk slapp inn. Ein mørk hall møtte alle og forestillinga åpna med glimt frå unge dagar på storskjerm og telefonsvararen til Henning: - Legg att bestje!
Gjekk framom og viste veg
Famntak, Hildegunn Eggen og Trondheim Blaasekvintett hylla jubilanten. - Du gjekk framom og viste veg, sa Jostein Ansnes.
Skruk med dirigent Per Oddvar Hildre og Trio Alpacca viste fram ulike arrangement og komposisjonar frå Henning. Ordførar Mons Otnes i Surnadal og kulturleiar Ole Magne Ansnes i Sunndal helsa og gratulerte frå heile Nordmøre med ulike gaver.
Lat døra stat åpa!
Edvard Hoem heldt ein flott tale med gode historier. - Du har eit spontanistisk anslag og mitt valspråk etter deg har blitt: Lat døra stat åpa! Eit stort ensemble frå operaen Olav Engelbregtson, som blir spela på Steinvikholmen, framførte tre satsar frå operaen.
Etter pause vart det rock'n roll med Torstein Snekvik og Batteri med "Bøverdalsrock" og "Fang sommarens ange i natt". Hanne Kjersti Yndestad helsa og Trygve Brøske med Trondheim Blaasekvintett helsa frå alle elevane til Henning med kveldens eldste stykke - 45 år gammelt!
Hoksnes, Inderberg og "E Slåttatæja"
Arild "ikkje rett navla" Hoksnes kåserte, mest om alt det rare som har skjedd omkring Henning og Vårsøg - som da dei vart kasta ut frå Grand i Oslo. John Pål Inderbergs strykekvintett frå Trondheimssolistane framførte blant anna pols frå Midtre Gauldal og introduserte Hans Rotmo, som hadde med seg eigen song til Henning.
Da var det klart for Karianna, i fin bunad, med Nordmørsminne og intro av Vårsøg. - Du glømmer det meste, du pappa, sa Karianna. - Nøklar og bilen, pengepungen og mobilen. Men musikken har du alltid med deg, i deg, sa ho
Resten er historie og kva var vel meir naturleg enn å avslutte med "E Slåttatæja", der vi hamnar på "kjerkjegarda og blir sett såte tå alle i hop"!
Sjå kva andre skriv frå kvelden: NRK Møre og Romsdal - med video! Driva nett - TK nett.
Under ser du mange bilder frå ein kjempekveld i 60 årslaget til Henning Sommerro. Klikk på dei og sjå dei større og i serie: