Henning Sommerro med Hans Hyldbakk sin gamle gitar_350x233

Henning lagar musikk for Jeriko

Når Jeriko til hausten markerer 10.000 år som by, er det surnadalingen Henning Sommerro som har laga musikken. Med seg på markeringa i oktober har han TrondheimSolistene, som ofte har nordmøringar i besetninga.

 

Saman med gitaristen Gunnar Andreas Berg var Henning Sommerro på besøk i den palestinske byen Jeriko i fjor.

Nokon må ha blitt imponert over det dei fekk høyre, for no er Sommerro invitert til å kome tilbake, til ei markering som startar på det ikkje heilt tilfeldige tidspunktet 10.10 2010 klokka 10, skriv tk.no.

– Eg har laga eit lite verk på 10-15 minutt, som skal opne markeringa. Det er artig å bli spurt om noko slikt. Det er jo ikkje kvar dag byar markerer slike jubileum, seier Sommerro.