Henrik Fjelle-bilda på nett
Romjula kan kanskje vere ei fin tid til å studere gamle bilde for den som har interesse av det. Heile bildesamlinga til rindalingen Henrik Fjelle ligg no ute på nett og kan sjåast via heimesida til Fylkesfotoarkivet. Dei fleste av bilda er frå Rindal, men i samlinga finst óg bilde både frå Meldal, Surnadal, Sunndal og Oppdal.
Henrik Fjelle (1902-1992)
var ivrig hobbyfotograf og etterlet seg ei negativsamling på vel 1000 glasplater som Rindal skimuseum, tidlegare Rindal bygdemuseum, fekk i gave. Henrik Fjelle var frå garden Fjelle i Lomunddalen og var eldst i søskenflokken, men valde vekk garden til fordel for andre interesser. Garden vart seinere seld til Hallvard Møkkelgård. Henrik Fjelle var mykje ute og reiste, mellom anna på Sunndalsøra og dreiv bruktbilforretning og forskjellig malingsarbeid. Han var i det meste sjølvlært. Henrik arbeidde både på Aura kraftverk og seinere på aluminiumsverket i Sunndal, men pendla tilbake til Rindal. Han slutta med arbeid i Sunndal da nytt hus i Bolme var bygd ferdig. Her hadde han heimeverkstad og dreiv med diverse trearbeid, dreiing, og litt fotografering. I hovedsak var dette hobbyaktivitet. Henrik Fjelle var gift med Lovise Eide f. 1905 frå Asplund i Lomunddalen.
Slik finn du Fjellesamlinga på nett:
1. Søk på "Fylkesfotoarkivet"
eller klikk på denne linken
Da kjem du til hovudsida til Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal:
2. Klikk på "Søk i fotobasen" på den svarte menylina, og vidare: "Søk bilete- søk namn"
Skriv inn Rindal under Kommune og Album under Vis som og klikk på SØK.
TEKST TIL BILDA
Det står enda att å legge inn tekst til ein del av bilda. Dette vil bli gjort etter kvart. Det har vore gjort eit stort arbeid for å identifisere personane på bilda, da det ikkje fanst noko arkiv. Men enda er det bilde med ukjende personar og stader.
Under bilda er det eit kommentarfelt der folk kan sende inn kommentarar/rettingar:
Sender du inn ein slik kommentar, blir denne send direkte til Fylkesfotoarkivet, og det kan ta ei tid før dette blir oppdatert.
Meir lettvint er det å sende kommentar/opplysningar/retting om bilda til Rindal skimuseum, så blir det retta opp her.
E-post: anne.skjolsvold@nordmore.museum.no
BESTILLING AV BILDE
Finn du eit bilde du ønskjer å ha på papir, kan dette bestillast ved å henvende seg til Fylkesfotoarkivet eller til Rindal skimuseum: anne.skjolsvold@nordmore.museum.no
Tekst til ingressbilde:
"Bil med knottgenerator fra 2. verdenskrig. Bilens eier og sjåfør på bildet er malermester Sylte fra Trondheim som hadde hytte ved Rørvatnet under og like etter krigen. På grunn av drivstoffmangel under krigen ble vedgass brukt som erstatning. Bilene ble påmontert knottgenerator som produserte vedgass ved forbrenning av knott. Knott var oppkappede, små vedstykker av løvtre, helst osp. På bildet har bilen sekker fylt med knott på taket."
- Og dersom nokon har fleire opplysningar om melermester Sylte eller om bilen vil vi også gjerne ha det.