Kleivakveld - Terje Tysland og publikum_350x233

Her er kandidatane til jobben som leiar for Vårsøghelga

Styret i Laget Vårsøg har no avgjort kven av søkjarane på jobben som dagleg leiar, som skal kallast inn til intervju. - Vi skal ta ein prat med kandidatane i næraste framtid, truleg i neste veke, seier styreleiar Bergsvein Brøske. Namnet på kandidatane får du vite i denne artikkelen.

Arbeidet fram mot årets Vårsøghelg vart spesielt for Laget Vårsøg, da laget sin daglege leiar Margrete Seter gjekk brått bort sist haust. Holger Skei tok på seg jobben som konstituert leiar for å få gjennomført årets kulturfestival - ein festival som hadde namn som Terje Tysland, Ola Kvernberg, Edvard Hoem og Maija Skille på plakaten.

Tidlegare i sommar vart jobben som dagleg leiar i 50 prosent stilling lyst ut. Søknadsfristen gjekk ut 20.august, og styret har no avgjort å intervjue seks av søkjarane. Desse er:

* Unni Dahl, Kristiansund

* Maja Frønes, Trondheim/Surnadal

* Gerd Ingrid Kvendset, Surnadal

* Solvor Dyrnes, Aure

* Juanita Møkkelgård, Rindal

* Ein søkjar som har bedt om at namnet ikkje blir offentleggjort.

- Målet er å få på plass tilsetjinga så snart som muleg, men datoen for når den nye leiaren er på plass, vil avhenge av mellom anna eventuell oppseiingstid vedkomande har, seier Bergsvein Brøske.

Brøske, som er direktør ved Vårsøg Hotell, går sjølv av som styreleiar for Laget Vårsøg for å konsentrere seg om den tidkrevjande jobben med ferdigstilling, marknadsføring og vidare innsal av det ombygde hotellet, som skal ha nyopning 1. november.

Også Holger Skei har bedt om avløysing frå arbeidet med Vårsøghelga, og valkomiteen går no i gang med å finne nye styremedlemmer.