Idrettsvekst[1]_350x210

Her er styret i IdrettsVekst AS

20. desember vart IdrettsVekst AS stifta som eige selskap. Med i styret er (frå venstre på bildet) Øyvind Vaagland Reiten, styreleiar Terje Polden, Tor Helge Aas, Håvard Sagli, Svein Dalen og Sara Brauten samt Lars Inge Kvande som var forhindra frå å delta på stiftelsesmøtet. Selskapet IdrettsVekst AS skal gå inn og samarbeide mellom idrett, kultur og næring for å etablere fleire større arrangement på indre Nordmøre. Samtidig er det ei målsetjing å profesjonalisere mange av arrangementa.


IdrettsVekst AS har som mål å «selje inn» fem til sju store årlege arrangement, og skal mellom anna prøve å fylle overnattingskapasiteten i lokalområdet.

Langrenn, sykkel, fotball og motorsport er aktuelle satsingsområde, men også golf, gokart og bueskyting har ein arena på indre Nordmøre.

Dei største aksjonærane er Surnadal IL, Norway Events AS, Surnadal Sparebank, Gjensidige Surnadal og Sparebank 1 Nordvest. Elles er det fleire verksemder samt mange av idrettslaga med blant de 25 aksjonærane som til saman har bidrege med 352.500 kroner i aksjekapital.

Les meir på Surnadal Golfklubb si heimeside.