Rindal IL fotball:
Herleg heimesiger
Rindal 2, senior, fekk torsdag besøk av Glimt på Rinnvollen og det skulle bli ein sjåverdig kamp med masse mål og stor underhaldning!
Bortelaget, Glimt, opna best og allereie etter ca ti munuttar hadde dei klart å setje lærkula to gonger bak heimelagets burvoktar, Stian Grytbakk.Det såg stygt ut, men rindalsgutane bretta opp ermane og berre nokre minutt seinare klarte Vidar Grøset å setje ballen i nota til 1 - 2. Berre tre minuttar seinere skulle dei framøtte få sjå eit flott angrep. Ballen enda hos Alf Ole Elshaug som la eit presist innlegg som Bjørnar Nerland sette pannebrasken til; Utagbart! 2 - 2.
Etter dette roa kampen seg ned og ingen av laga makta å skapa noko særleg, før Fredric Talgø fekk gulltreff frå tjue meter og via stolpen førte han dei kvit og raude framom i målprotokollen! 3 - 2! Dette vart òg pauseresultatet.
Andre omgang var ti minutter gamal då vi vart vitne til eit mønsterangrep. Ole Heggem sendte Sander L. Kattem gjennom med ein 40-meters krempasning, Kattem runda backen og sendte ballen inn i feltet der Stian Kooyman kom stupande inn og sette ballen til sides for ein sjanselaus Glimt-keeper. 4 - 2! Akkurat då såg det lyst ut med tanke på ein siger, men heimelaget mista litt initiativet i kampen og Glimt hadde ballen mest utan å skapa stor dramatikk foran vertanes mål. Men etter ca 70 minutters spel, glapp det for heimelaget og Glimt reduserte til 4 - 3. Og om ikkje det var nok, klarte Glimt å utlikna berre nokre minuttar seinere. 4 - 4 og to poeng såg ut til å gå fløyten. Men det var ein som ville det annleis! På ein corner steig Anders Møkkelgård til vèrs og skalla ballen kontant i mål! 5 - 4 ! Frustrasjonen var høglytt frå bortelagets benk, men heimelaget reid stormen av og poenga vart att i Rindal, og etter Trollheimsportens utsendes meinig, ganske fortent etter periodar med flott spel, og ein kunne sjå at det er tonnevis med rutine i laget! Lagets besteman er vanskeleg å avgjere, men journalisten held ein knapp på Vegard Karlstrøm, som spelte ein god kamp.
Rindal IL 2 - Glimt 5 - 4
Rindals lag
Stian Grytbakk, Bjarte Rindal, Vegard Karlstrøm, Jøran Heggem, Lars Ole Heggem, Lars Aleksander Møkkelgård, Alf Ole Elshaug, Vidar Grøset, Sander L. Kattem, William Mesgun, Bjørnar Nerland. Benytta innbyttarar: Stian Kooyman, Fredric Talgø, Anders Møkkelgård, Eirik Tørset, Ole Heggem.
Bjørnar Nerland legg press på gjestane.
Sander er på veg forbi ein svimmel Glimtback
William Mesgun kastar ballen inn.
"Baill på ælva!" Nils Heggem reagerer snøgt og bergar situasjonen!