Hestekrefter
Det var mange hestekrefter samla på Rindal Travbane søndag ettermiddag, mykje folk var det også i godveret, men om 2-3 månader vert det rekordmange samla her!
Områdesersjant Henrik Blekken og løytnant Åse Børset representerte Heimevernet
Forsvaret stilte med berre få hestekrefter i Rindal denne søndagen, men når slaget om Rindal skal stå rundt 7.- 8. november i haust, vil det bli både folk og krefter her ved travbanen. Hovudkvarteret til Natostyrkane som skal forsvare Rindal vil vere her på travbanen.
Meir om det i eit anna oppslag på Trollheimsporten.
Gunnar Karlstad og Lars Øye måler seg mot dei store hjula til denne store traktoren.
Sjølvsagt fekk vi demonstrasjon av hestekjøring etter opplagt konkurranseprogram. Det var den minste hesten som vann!
Ponnyen gjorde det best!
Generalen for arrangementet og ledar for Rindal Travklubb, Magne Løfaldli kjøpte seg "Hæmstelt" kak, og det var det mange som gjorde. Alt dei hadde med seg vart selt.
Betalinga vart gjort på gammelmåten, rett oppi "hæmstelt" pengekiste, eller moderne med kort og Vips.
Salgsbodene hadde også sine besøkarar.
Rune Tiset stilte med "hæmstelt" bil! I alle fall var karosseriet "hæmstelt" av glasfiber, og sjøllaga var mange andre løysingar også, men kjennarane såg at det var ein Volvo-modell innerst inne. Det er ein løpsbil med mesta 2,4 liter motor og ca 250-300 HK. Den er godkjent for NM- og EM-løp.
Rune fortel at denne sesongen blir bilen testa og trimma. Neste sesong - 2019 - blir det konkurranseløp, så det er berre for sponsorane å melde seg om dei vil støtte han! Vi andre får følge med kva desse hestekreftene fører til for Rune Tiset.
Vi merker oss at neste generasjon er klar til å ta opp arven i akkurat like eins lakka bil, - med fansen på plass!
Større fans dukka også opp!
Mat må du ha! Sylte gardsslakteri stilte med mellom anna heilsteikt gris!
Nedafor kan du sjå fleire bilde frå den fine utedagen på Rindal Travbane.