MultiHilde-X2 (1)_690x382

Hilde Sveen slepp ny låt

”Ei lita hand i mi” er ei låt om kor fint det er å få ha ei lita jente i livet sitt. Å få sjå verda gjennom hennar auge. Ei låt om dei enkle, men gode dagane. Desse dagane som ligg rett framfor oss, det gjeld berre å sjå dei. (Foto: André Fjørtoft)

Å vere på ei strand, med havet rett utfor. Ei lita jente, kledd i ull, med strutteskjørt utpå. Krabbar i ei bøtte vatn. Det er også ein tekst om ei jente som skal ta stega ut i verda. Og eit håp om at dagane hennar skal vere trygge og glade. Slik alle foreldre jo ønskjer.

HILDE COVER 3_690x690.jpg

Hilde Sveen frå Surnadal har tidlegare gitt ut låter under namnet Hjarteskogen. Desse har blitt spela på P1, P2 og NRK Møre og Romsdal. Når ho denne gongen slepp låt under eige namn, så er det ei låt om det som, i følgje ho sjølv, er noko av det finaste i verda; å halde ei lita, mjuk barnehand i si.

Hilde Sveen skriv tekstar om dei nære tinga. Denne gongen passa det difor godt å ta turen frå Ålesund, og heim til Surnadal, for å spele inn låta i Dreamfarm Studios. Eit raudt fjøs bygd for rautande kyr, er no bygd om for stor lyd, og med dyktige folk ved spakane. Her har Rolf Paulsen arrangert og produsert, Frank sPoon Botten og Olav Nergård Tørset traktert instrument, Ola Langli mikset, og saman gjort låta enkel og stor, luftig og drøymande. Låta er mastra ved Abbey Road Studios, London.

”Ei lita hand i mi” ligg ute på alle strøymetenester fredag 30/6.

Her er link til Spotify
 

Bilda nedafor er frå Dreamfarm Studios i Surnadal.

P1000285_690x1126.jpg

P1000291_690x460.jpg

P1000292_690x460.jpg

Tekst/foto: Dreanfarm Studios, ingressbildet foto: André Fjørtoft