Picasa

Husmøte - Kulturvøkku 2016

Himmel over livet

I 25 år har det vore arrangert husmøte i Løsetlåna på museet i Rindal under Kulturvøkku. I år var det besøk av Eva og Ola Garli som var prestefamilie her for rundt 20 år sidan.

Eva og Ola Garli IMGP5310_690x457.jpg
Ekteparet Garli framførte eit kåseri med tittel «Himmel over livet. Sang mellom inngang og utgang, ja , til evig tid.»

Begge vaks opp med song og musikk, og det har prega heile livet deira. Eva mintes at ho ba mor si synge «nål og tråd-songen». Mora skjøna ikkje spørsmålet, men Eva ville høre songen om nål og tråd. Strofa ho hadde for seg var « - mot rikare mål og trå» i salmen «Å leva det er å elska». Dette vart første salmesongen i programmet.

Ola Garli mintes salmesongen i Rindal og ein organist (Arvid Halsetrønning) som tok opp dei nye salmane i den nye salmeboka. Han fekk oss med på trøstevisa «Å denne kilde, ren som Paradiset» som Eivind Skeie har skrive.

Eva drømte i barndommen om å bli barneheimsstyrar. Draumen vart ikkje oppfylt, det er heller ikkje mange barneheimar att, noko som er bra. Ola meinte at ho likevel ikkje kom så langt unna drømmen med 5 barn og ein mann i familien.

Men så mista dei ein, sonen Geir Olav omkom i ei tragisk ulykke straks før jul i 2009. Heldigvis lever han vidare i vesle Selma Lovise, men hendinga sette djupe spor i Eva og Ola og resten av familien. Dette delte dei på ein fin og varm måte med oss gjennom ord og songar. Dei hadde opplevd at trass i dette vonde så var Gud ved sida av dei.

Ola er opptatt av den svenske visesongaren Dan Anderson og har hatt mange framføringar av han både i Norge og i Sverige. I kveld spela han visa «Spelmannen» til minne om Geir Olav, sluttstrofa lyder:
«Men ända in i döden vill jag följa er med sång - 
och jag vill dö och jag vill spela till uppståndelse en gång.»

Vi fekk også framført visa «Om aftonen», livskveldsongen, som Ola sa.

Så fekk vi møte far til Emil i Lønneberget, Allan Edwall, som poet. Ola framførte visa «Mor dansar», - siste verset lyder:

I en nött och sliten gammal yllekofta 
Dansar det en dam i himlen där hon bor
Hon är lycklig tror jag för hon skrattar ofta
Denna äldre dam som är min mor

Eva fortalde om opplegget «Babysang og småbarnstrall» på Ørland. Ho minte om at babyer hører alt før dei er fødde. Mange av oss hugsar songar som vi hørte medan vi var små. «Kjære Gud, jeg har det godt» var kveldssongen som Eva brukte for alle barna sine, ein song kanskje alle i forsamlinga kjente godt.

Ola minte om ein episode frå andre enden av livet der songen også betyr mykje. En gong vart han kontakta av Helsetunet i Rindal om han kunne komme og synge for ein mann som var svært engsteleg og uroleg. Ola tok turen og song for han og lyste velsigninga. Morgonen etterpå ringte dei frå Helsetunet og lurte på kva han hadde gjort kvelden i forvegen.

- Vi har aldri hatt ei så roleg natt på hjemma, var meldinga. Dørene hadde vore opne i korridoren, så mange på dei andre romma hadde fått med seg songen til Ola.

Vi fekk også ein presentasjon av ein lokal kunstnar frå Råkvåg, Magne Sandøy. Besøker du Ørland Kysthotell kan du sjå mange av maleria hans, og eit av romma der er oppkalla etter han. Sandøy reiste også som songevangelist og framførte eigne tekster med eige trekkspellakkompagnement. Visene var på ekte trøndersk om minte om visene til Otto Nielsen. Visene hans hadde enkel symbolikk , og Ola tolka to-tre av dei for oss.

Visa «Bensinlokket» handla om bensinlokket som hadde frose fast, tanken var tom og måtte fyllast for at han skulle komme seg heim. Da måtte han innom bensinstasjonen for å få låne noko varmt for å tine opp lokket. Da kunne tanken fyllast og han kom seg heim. Stasjonen var der korset lyste og der Jesus gav varme.

Den andre Sandøyvisa hadde tittel etter namnet på katta hans, Jonas Fjell. «Jonas Fjell, Jonas Fjell, kom heim i kveld» slutta visa med.

Vi fekk også høre visa Magne Sandøy skreiv om det å vere trønder, men med himlen som mål. Visa var innom mange stadnamn frå Trøndelag, men visediktaren tenkte seg høgare opp, til himmelen, til evig tid.

Ola innrømte at han var inne på å kalle programmet «Himmel over Trøndelag», men vart avrådd gå grunn av den politiske situasjonen akkurat no, men Magne Sandøy har gjeve ut ein CD med tittelen «Himmel over Trøndelag».

Ola Garli, som no er sokneprest på Ørland, var sokneprest i Rindal frå 1989 til 1997.

IMGP5304_690x386.jpg

Det var styret for Rindal Menighetshus som stod for arrangementet mandag kveld, og Kjellaug Foseide opna med å lese eit dikt av Sverre Hatle frå Surnadal. Tittelen var «Nordmørssommar», og i ei strofe stod det: « - her blir det aldri ørken.» Veret ute var godt bevis på det.

IMGP5314_690x353.jpg