Himmeltru og framtidsglede
Øvre Rindal Kapell Kristi Himmelfartsdag -11.
Me har vore i selskap eit par timar eller meir. Så bryt me opp, takkar vertskapet i handa og seier takk for laget. Det er ein type avskjed som er naturleg og grei nok. For me reknar altids med at det ikkje er så lenge til neste gong me møtest og seier takk for sist. Velkomst og avskjed blir ein stadig syklus av sosial omgang.
Men kva med dei andre avskjedane, dei som er for alltid? Så lenge eg hadde gamle foreldre, høyrde eg stadig ein vemodig tone i sinnet når avskjeden kom. Undres om dette er siste gongen? Og til slutt vart det siste avskjed.
Og eg tenkjer på dei som har hatt verre avskjedar enn meg. Til dømes når krig og katastrofer har brote opp familiar for alltid, - det kan vera til konsentrasjonsleirar i Nord-Korea, flyktningleirar i Dafur, effektuering av dødsstraff i Amerika, Kina elelr Iran – det er ikkje med måte vondskapen kan laga til avskjedar som legg liv og framtid i grus. Det er ikkje med måte!
Med måte var det vel heller ikkje disiplane opplevde avskjeden med Jesus i si tid. Det var visst for å gå inn i det som var sagt at skulle skje. Men når det skjedde så vart det så umåteleg vondt. Heldigvis skulle det bli ein ende: Livet skulle vinne for dødsriket sine krefter. Vondskapen skulle ikkje ha siste ordet.
På sitt vis summerer Lukas dette i sitt siste kapittel. Me skal høyre dette hellige evangelium frå det 24. kapittel:
Han sa til dei: «Slik står det skrive: Messias skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen, og i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem.
De
er vitne om dette. Eg
sender over dykk det som Far min har lova. Men de skal halda dykk i
byen til de blir kledde med kraft frå det høge.»
Så førte han dei ut av byen mot Betania. Han lyfte hendene og velsigna dei. Medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei tilbake til Jerusalem i stor glede. Sidan var dei stadig i tempelet og lova og prisa Gud.
Ein underleg forteljing, dette. For andre gong har disiplane mista Herren sin av syne. Men i motsetning til sist, er dei glade denne gongen. Gleda er stor, seier Lukas.
Og me undres: Kvifor?? Her har dei mista Jesus av syne for andre gong, men no har avskjeden vore god.
Jau, no veit dei at det er sant som det var sagt. Når Jesus har sagt at det blir, så blir det.
Det veit disiplane. Og dei er glade. Dei er glade – og dei gler seg til fortsettelsen.
Me kan gjerne vri situasjonen over på oss, og spørje oss. Veit eg med meg sjølv at det blir sant, det Jesus har sagt. Veit eg at de blir som Jesus seier at det blir??
I så tilfelle. Har då dette noko å seie for – om ikkje humøret og dagsformen – så i alle fall for grunninnstillinga mi? Er det slik at disiplane kan dele sin glede og sin forventning med meg? Er det slik??
Eg vil ikkje dra oss ned i nokon sølete hengemyr av dårleg samvit for at me ikkje er som me skulle vore. At me ikkje er bra nok eller glade nok, liksom. Ikkje!!
Heller vil eg peike på kva me har å ta imot – så me kan gjera det på nytt att i dag og gjera Kristi Himmelfartsdag av 2011 til vår festdag:
Me kan stille oss ved sida av Jakob og Johannes, Thomas og Peter, Andreas og Levi og den gjengen de veit der ved Betania. Me kan halde oss der ei stund, sjå Jesus og høyre han talar til oss om tidene som ligg føre, - og så vita at desse tidene er den tida me lever i no:
Me skal vera – og er me ikkje?? Vitne om Jesu oppstandelse frå døden. Me skal forkynne – og gjer me ikkje??? Omvendelse for alle menneske i Jesu namn.
Dette er oppdraget til oss som fekk himmeltru og framtidsglede. Dette er jobben vår framfor noko anna av alt me styrer emd av å skaffe oss pengar og ting.
Så kan ein altids undrast. Kvar skal me ta kreftene ifrå? Kvar skal me hente energien?
Me skulle få den, vart det sagt. Me skulle få krafta frå det høge – og denne skulle me kle på oss!
Og så skjer avskjeden som ikkje er nokon avskjed likevel. Den er ikkje sår no. Den er ikkje vond. Jesus er borte frå oss – men likevel så nær, så nær. Han er som krafta – eller var det bryllupsdrakta – me kan kle på oss. Så nær. For alltid.