Tips en venn
Send til e-post:
Fra e-post:
Melding:
Kode 
tone_250x333

Tone Damli Aaberge hadde sansen for Røv

"Hina for ei røv!"

Tone Damli Aaberge fall pladask for skiltet med "Røv", da ho søndag var på veg til Skei for å halde konsert under Norsk Laksefestival. "Eg som e fra Sogndal bruka titt og ofte ordet røv (rompe). "Hina for ei røv!" Ja, du, ein skal oppleve mykje artig her i livet", skriv artisten på bloggen sin.

Tone Damli Aaberge er ein ivrig bloggar, og spelinga ho og bandet hadde under laksefestivalen søndag ettermiddag, omtalar ho som "superkoseleg".

22-åringen frå Sogndal er kanskje ikkje heilt stø i geografi: Både under sjølve konserten og på bloggen meiner ho at Surnadal ligg i Trøndelag.

Men stadnamnet Røv gjorde stort og humoristisk inntrykk på vokalisten, som sørga for å bli avbilda med skiltet.

Les meir på Tone Damli Aaberge sin blogg her.