DSC_0052

Hjelmenstevnet 2010 en suksess

Sommeren er høysesong for skytterstevner, og i helga gikk Hjelmenstevnet av stabelen, et stevne arrangert av Hjelmen skytterlag i samarbeid med Bæverdalen og Surnadal skytterlag. Lars Magne Bæverfjord kommer med tekst og mange bilder!

I helga var det stor skytteraktivitet på indre Nordmøre. Hjelmen Skytterlag arrangerte i samarbeid med Bæverdalen Skyttarlag  og Surnadal Skytterlag eit trippelstevne som lokka til seg tett opp mot 200  skyttere.  Det er første gongen Hjelmen Skytterlag arrangerer eit slikt stemne på mange år. Det spesielle med dette stemnet var at  laget har no elektroniske skiver og i tillegg hadde publikumsservice med blinker på  stor skjerm. Etter kvart som skyttarane  skaut fekk publikum sjå kor skotet traff. Det var mange som nytta høvet til ein litt lengre kaffe pause før og etter skyting for å sjå  korleis venner og konkurrentar  klarte seg på standplass. Men ingen klarte å tukte Leif Gravems banerekord på 347 poeng  på 200-metersbanen satt 25.07.1993. Riktig nok var det ein stund at Jakob Nørbech frå Aspøy og Straumsnes Skytterlag  fekk publikum til å halde pusten, men på siste serie sprakk det og han endte på 344 poeng og vart stevnets beste skytter på 200-metersbanen.  

Resultatene fra stevnet er for øvrig lagt ut på DFS sine nettsider, link her.

 

Tekst og foto: Leif Magne Bæverfjord    

 

Klikk på bildene for å se dem større og i bildeserie

             

 

DSC_0052
Veteranar og aspirantar side om side på standplass. Dei aller yngste fekk litt hjelp til å komme på plass.
DSC_0060
Kvar skyttar har sin eigen monitor å sjå på for å sjå kor skota gjekk. Men bare under prøveskota. Under dei telande seriane fekk dei først sjå korleis det hadde gått under anvisninga.
DSC_0065
Informasjon til publikum har vorte langt bedre med innføringa av elektronikk. Nå kan familie og venner, samt konkurrentar som har eller skal skyte sjå kva dei på standplass presterer. Her gjer Roar Morten Eriksen frå Rindal Skyttarlag seg klar til skyting.
DSC_0077
Martin Sættem Åndal skyter godt for Malmefjord Skytterlag. Han fekk sin sjuende 350-poengskyting for sesongen på 100- metersbane. Tre av dei gode skytingane gjorde han i helga på banane til Surnadal Skyttarlag, Bæverdalen Skyttarlag og Hjelmen Skyttarlag.
DSC_0085
Det vart mange diskusjonar om skyting og resultat både før og etter skyting.
DSC_0098
Jakob Nørbech frå Aspøy og Straumsnes Skytterlag fekk publikum til å halde pusten, men på siste serie sprakk det og han endte på 344 poeng og vart stevnets beste skytter på 200-metersbanen. Ei stund var det mange som trudde at han skulle tangere eller slå Leif Gravems rekord frå 1993 på 347 poeng.
DSC_0126
Gunhild Brøndstad som skyter for Lomundal Skyttarlag vart beste jente med sin tredje 350-poenger for sesongen på 100-metersbanen.