
Høgmesse i Øvre Rindal kapell
Kristi Himmelfartsdag torsdag 2.juni er det høgmesse i Øvre Rindal kapell kl.11. Me skal høyre om Jesu siste avskjed med disiplane sine. Denne vart korkje så sår eller vond som avskjeden Langfredag. No veit disiplane at Jesus har vunne over både synd og død. Det må ha vore rart å delta der ved Betania og sjå Jesus fare mens hendene er lyfta til signing, skriv Lene Gåsvatn.
Lukas 24, 56-53:
Han sa til dei: «Slik står det skrive: Messias skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen, og i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem. De er vitne om dette. Eg sender over dykk det som Far min har lova. Men de skal halda dykk i byen til de blir kledde med kraft frå det høge.»
Så førte han dei ut av byen mot Betania. Han lyfte hendene og velsigna dei. Medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen. Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei tilbake til Jerusalem i stor glede. Sidan var dei stadig i tempelet og lova og prisa Gud.

.png)

