
Høgtidleg avduking i Todalen
I løpet av helga har kunstnar Ole Mauset vore på Kårvatn for å lage til eit bestillingsverk som skal stå på ein av haugane utanfor butikken, melder todalen.no. Korleis kunstverket, som har fått tittelen ”Undervegs”, ser ut, får du først vite når Kristin Krohn Devold kjem og avdukar statuen etter åpninga av Norsk Vandrefestival tirsdag 10. august.
Etter kva samarbeidsportal todalen.no har fått opplyst, vil statuen ha eit tema som passar omgivelsane på Kårvatn godt. Den er heilstøypt på staden, med hjelp av ei stor gips- og silikonform. I dag vart siste hand på verket gjort, med støyping av sokkel, litt finpussing og polering av sjølve statua, før den vart omhyggeleg innpakka igjen. Les meir på todalingane si heimeside! Foto: todalen.no.


.png)

