Høgtidsgudsteneste 1.påskedag
Dåpsbarnet Ola Stortiset med foreldre, fadrar og prest.
Live Maritsdatter Børset med foreldre fadrar og prest.
- og dette var preiketeksta 1.påskedag som fungerande prost Leif Endre Grutle preika over:
Den tomme grava
Johannes 20.kap.:
Tidleg om morgonen første dagen i veka, medan det endå er mørkt, kjem Maria Magdalena til grava. Då får ho sjå at steinen er teken bort frå grava.
2 Ho spring av stad og kjem til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og seier til dei: «Dei har teke Herren ut av grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han.»
3 Då tok Peter og den andre læresveinen ut og kom til grava.
4 Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang fortare enn Peter og kom først til grava.
5 Han bøygde seg inn og såg linkleda som låg der, men han gjekk ikkje inn i grava.
6 Simon Peter følgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der,
7 og duken som Jesus hadde hatt over hovudet. Den låg ikkje saman med linkleda, men samanrulla på ein stad for seg.
8 Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen først fram til grava. Han såg og trudde.
9 For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han måtte stå opp frå dei døde.
10 Så gjekk læresveinane heim.