
... i Surnadal kommunestyre torsdag
Høyringsrunde budsjett 2011 og økonomiplan 2011-2014...
Rådmannen har tatt utgangspunkt i vedtaket om førebels ramme, og dei ulike signal som kom fram under formannskapet sitt arbeidsmøte 22. og 23.september. Du finn heile saksframlegget for budsjett 2011 og økonomiplan 2011-2014 ved å klikke her.
Forutan ein høringsrunde på budsjettet har kommunestyret i Surnadal følgjande saker på kartet:
Tertialrapport, sal av konsesjonskraft, budsjettregulering og eit låneopptak på vel 32 millionar kroner, som er finansielle investeringar. Vidare skal dei behandle eventuelt etablering av eit flyktningemottak, der rådmannen no tilrår at det ikkje er aktuelt lenger. I tillegg skal bustadsosial handlingsplan vedtas. Heile saklista til kommunestyremøtet ser du ved å klikke her. Klikk på pdf-ikonene og få opp sakene.
Budsjett og økonomiplan er mest interessant og det er ein stram økonomisk situasjon Surnadal kommune er i.
- Målet må i første omgang vera å vidareføre den delen av dagens drift som vi ynskjer å halde fram med, heiter det i den generelle kommentaren frå økonomisjef Trond Håskjold (til høyre).
Det blir gjort framlegg om slike endringar:
· Øye skule får auka ramme med kr 250 000.
· Surnadal ungdomsskule blir tilført kr 750 000.
· Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter får redusert ramme med kr 250 000 for å kunne styrke Surnadal ungdomsskule med tilsvarande sum. Samla auke for SUS blir då 1 mill.
· Habilitering og Institusjonane blir styrka med kr 500 000 kvar.
· NAV mister øyremerka tilskot til kvalifiseringsprogrammet, og får tilført kr 500 000,- i ordinære driftsmidlar for å kunne fortsette med tiltaket.
· Politisk verksemd er styrka med kr 298 000 for å dekkje utgiftene med valet.
· Alle einingar som i dag har kostnader til barnehagar får styrka ramme sine slik:
o Rådmannen kr 4 135 000 (Bårdshaugen og felleskostnader)
o Midtigrenda kr 3 894 000
o Skei kr 2 560 000
o Øye kr 3 810 000
o Bøfjorden og Bæverfjord kr 1 465 000
o Mo kr 2 090 000
o Todalen og Stangvik kr 2 699 000
Det er lagt inn avsetning til disposisjonsfond på kr 4,5 mill. frå salsinntektene av konsesjonskraft. Vidare er det lagt opp til at mva.kompensasjon frå investeringane våre blir ført
tilbake til investeringsbudsjettet. Elles ingen avsetningar.
Kommunestyreposten er foreslått til kr 500 000, og formannskapsposten er kr 50 000. Dette er same summane som for 2010.
Rådmannen ved saksbehandlar Trond Håskjold kommenterer budsjettsituasjonen slik generelt i saksframlegget og legg det fram til uittale utan tilråding:
Med utgangspunkt i den stramme økonomiske situasjonen til kommunen, kan rådmannen ikkje
tilrå auke i driftsrammene utover det som no er foreslått. Målet må i første omgang vere å
vidareføre den delen av dagens drift som vi ynskjer å halde fram med. Fleire einingar
signaliserer driftsendringar for å klare å tilpasse seg rammene. Ei viktig oppgåve i
høyringsrunda vil vere å vurdere om desse endringane er i tråd med dei politiske prioriteringane
som er signaliserte.
Det vil truleg vere behov for å vurdere tenesteomfang og tenestenivå også seinare i
økonomiplanperioden.
Rådmannen legg fram eit førebels utkast til budsjett for 2011 og økonomiplan for 2011- 2014 til uttale. Ein ber særleg om signal om kva tiltak ein kan ta ut eller effektivisere, og kva tiltak hovudutvala meiner bør vidareførast innafor rammene.

.png)

