Høyringssvar frå FAU ved Surnadal ungdomsskule
FAU ved Surnadal ungdomsskule har sendt oss eit høyringssvar i samband med "Nye Øye skule". Uttalen er laga etter ope foreldremøte 12. februar 2018.
Uttalen er laga etter ope foreldremøte 12. februar 2018.
Denne uttalen er laga ut frå kommunestyret sitt vedtak 13.09. 2017, der det vart bestemt at ein skulle gå vidare på å vurdere tre ulike alternativ for 1-10-skule: AB2, D1 og D3. Skissene av dei ulike alternativa vart utsende frå arkitekt i januar 2018, og det er desse som ligg til grunn for uttalen.
FAU ved skulane valde å arrangere felles ope møte for alle foreldra, etter initiativ frå FAU ved ungdomsskulen. Ut frå dette var det tanken at skulane kvar for seg skulle utarbeide uttale.
Ut frå argumentasjonen i møtet vil FAU løfte fram D3 som det klart beste alternativet. Vi vil likevel ta for oss det vi meiner er dei viktigaste argumenta for/mot alle tre alternativa.
FAU meiner at det er viktig at brukarane blir høyrde i denne prosessen, både når det gjeld val av alternativ og eventuelle endringar som kan gjerast på det alternativet som til slutt blir valt.
Alternativ AB2:
Fordelar
● Spreiing av trinn som vil gje tryggare og meir oversiktleg utemiljø og tryggare psykososialt miljø for elevane.
● Ungdomsskulen får behalde arealet som i dag (vi viser her til fordelar under D3, som vil vere samanfallande med fordelane ved AB2).
● Alle frå første til sjuande trinn får eigen inngang.
●Tre gymsalar i staden for to på dei andre alternativa.
● Småtrinnet, mellomtrinnet og ungdomsskulen får eigne kantiner og bibliotek.
Ulemper:
● Dyrare enn D1. Til dette er å seie at alternativet er arbeidd lite med, slik at det kan vere muleg å kutte kostnadar om ein går djupare i materien.
● Høgare driftskostnader ut frå at det blir stort areal og fleire bygningar, meir å varme opp og halde reint, samt at noko bygningsmasse er gamal.
● Elevane må flyttast ut i byggeperioden, noko som kan vere både dyrt og belastande for elevar og personale.
● Desentralisert administrasjon fordelt på tre plassar.
● 97-bygget kan ikkje brukast til andre føremål om ein vel denne løysninga.
● Det blir ikkje noko 1-10-skule slik FAU ser det, då denne løysninga skapar tre separate bygningar. Barnetrinnet vil dessutan bli delt med denne løysninga, med 1-4 i 97-bygget.
● Det er allereie i dag utfordringar med å rekruttere lærarressursar til 1.-4. trinn, og FAU fryktar at dette vil forverre seg ved dette alternativet.
Alternativ D1
Fordelar:
● Billigaste alternativ, mykje for pengane og god utnyttingsgrad på arealet.
● Vesentleg mindre driftskostnader enn AB2.
● Utbygd skulekjøkken (FAU viser til avsluttande kommentar angåande skulekjøkkenet). Dette er det kun D1-alternativet som har per i dag.
● Auditorium for 72 personar/heile trinn. Dette er det kun D1-alternativet som har per i dag.
● Felles personalrom sentralt i bygget.
● Oppgradert uteområde nord og sør for ungdomsskulen. Dette er det kun D1-alternativet som har per i dag.
● 97-bygget blir fristilt til andre formål.
● Nytt felles bibliotek i hjartet av bygninga.
Ulemper:
● 1-7 blir ikkje samla.
● Det blir ikkje eige bibliotek til småtrinnet.
● FAU er kjend med at det er berekna «tilstrekkeleg» areal i klasserom og at dette er innanfor normen. Likevel vil FAU påpeike at det ved større elevtettheit vil bli meir utfordrande å drive fleksibel undervisning og til dømes ta ut heile klassar. Dette gjeld også elevar med særskilde behov, som i dag kan få eit tilbod inne i klasserommet og ikkje vere ute «åleine». Dette er eit viktig argument for integrering av alle.
● Ved alternativ D1 kan ikkje bokskap og pc-skap plasserast i klasserommet som i dag, grunna plasshensyn. Det vil måtte brukast eigne rom til dette, noko vi ikkje kan sjå er innteikna i dag. Det vil også medføre auka uro i undervisninga, slik FAU ser det.
● Ungdomsskulen vil miste lagerplass som det i dag er sårt behov for i undervisninga ved dette alternativet, da innteikna inngang ved tiandetrinnet vil krevje ein del av dette arealet. Ein vil peike på at det vil vere større behov for lagerplass med dette alternativet, da 5.-7. trinn også skal bruke spesialrom i underetasjen.
● FAU er svært bekymra for forslaget til nytt inngangsparti. Trappa synest svært stor og leier rett mot ein trafikkert veg og mot bygningane på vidaregåande skule. Vi opplever at eit nytt inngangsparti rett ut i vegen som potensielt farleg for elevane. Om trappa skal brukast som tilhaldsplass for elevane, så er vi usikre på om denne trappa er egna til eit slik formål. FAU vil vise til at det er svært mykje trafikk i dette området. Her er det trafikk frå lærarar frå heile nye Øye skule, vidaregåande skule, habilitering, vaktmestertenesta til heile kommunen, elevar, barnehage, idrettshall og pasientar til tannlegekontor. Området er allereie i dag vanskeleg og utfordrande, og no blir det i tillegg lagt opp til at alle elevane frå 6.-9. trinn skal ha tilhald der. FAU ser også med bekymring på at det blir same opphaldsplass/inngangsparti for ungdomsskuleelevane og 6. og 7. trinn. Dette ivaretek ikkje skilnadane mellom dei ulike trinna på ein god måte og vil kunne bidra til uheldige episodar mellom ulike aldersgrupper. Dette er eit viktig argument med tanke på trivsel og opplevd tryggheit og eit godt skulemiljø for elevane våre.
● Det er lite mobbing på skulen, noko kartlegging og undersøkingar viser. Den statistikken er vi redd kan ryke om skulen mister areal og det blir ei fortetting av elevar.
● FAU vil peike på at det blir eit minus for elevane frå grendeskulene med dette alternativet, då dei vil måtte komme inn i allereie etablerte klassemiljø.
● Med dette alternativet vil det ikkje bli noko ny start for elevar frå mellomtrinnet å byrje på ungdomsskulen. FAU vil vise til at det har ein stor verdi for mange elevar å ha denne mulegheita til ein ny start, og at denne overgangen bidreg til eit viktig skilje mellom barneog ungdomsskulenivået.
Alternativ D3
Fordelar:
● Ungdomsskulen beheld areal tilnærma som i dag. Dette gjer at ungdomskulen kan fortsette å drive fleksibel undervisning, som til dømes ta ut heile klassar. Dette gjeld også elevar med særskilde behov, som i dag kan få eit tilbod inne i klasserommet og ikkje vere ute «åleine». Dette er eit viktig argument for integrering av alle. Slik som arealet er i dag, kan alle ha bokskap og dataskap inne i klasserommet, noko som fører til mindre uro og vandring i gangane. Ungdomskulen beheld viktig lagerarealet i kjellaren ved dette alternativet, noko som er viktig sidan det no bli 3 ekstra trinn som skal bruke spesialromma i denne etasjen.
● Alle frå 1. til 7. får nybygg.
● Vesentleg mindre driftskostnader enn AB2.
● 97-bygget blir fristilt til anna formål.
● Alle barneskuleelevar får skjerma inngang tilknytta nabotrinnet. Totalt er det fire inngangar. Ingen får med anna ord inngang i lag med ungdomsskulen. Dette meiner FAU vil føre til trygge elevar og mindre konflikter.
● Det vil vere fordel for grendaskuleelevane med dette alternativet, da alle vil starte samtidig på ungdomsskulen.
● Med tydeleg skilje mellom barne- og ungdomstrinn, vil alle elevar få mulegheit til ein ny start ved ein «ny» skule.
● Felles administrasjon og felles personalrom (med noko anna plassering enn D1).
Ulemper:
● Det blir ikkje auditorium med plass for eit heilt trinn.
● Personalrom og administrasjon blir lagt til ungdomsskulen, og slik blir det lang avstand for tilsette ved barneskulen.
● Fellesbiblioteket blir på ungdomsskulearealet.
● Dyrare enn D1. Til dette er å seie at alternativet er arbeidd lite med, slik at det kan vere muleg å kutte kostnader om ein går djupare i materien. Til dømes har det kome innspel frå foreldre på at det kan vere pengar å spare på å ha rette linjer i staden for fleire av utbygga som er innteikna.
Generelle merknader til alle alternativa:
Ein 1-10-skule har behov for 18+16 timar med mat og helse i veka jf. grunnlagsinformasjon i prosessen. Det vil ut frå dette vere behov for to skulekjøkken for å dekke kapasitetsbehovet. FAU kan ikkje sjå at nokre av alternativa dekkjer dette behovet.
Med helsing FAU ved Surnadal ungdomsskule
v/leiar Annett Ranes (20.02-17).