hosp3_550x416

Hospitering på Surnadal vidaregåande skole

I veke 46 har Surnadal viadergåande skole hatt besøk av 10.klassingane i Halsa, Rindal og Surnadal. Dei har valt eit utdanningsprogram og deltok i ein vanleg klasse slik at dei skulle få eit innblikk i skolekvardagen og faga.

10. klassingane ved ungdomsskolane i Halsa, Rindal og Surnadal, går inn ei spanande tid. Dei skal gjere viktige og for mange, vanskelege val når det gjeld vidare skolegang. I slutten av januar 2013, vil skolen arrangere åpen skole ved Surnadal vidaregåande skole. Da kjem elevane på eit nytt besøk, men denne gongen skal dei få orientering om to ulike utdanningsprogram. På denne dagen vil skolen også invitere ulike bedrifter som har tilknytning til dei ulike utdanningsprogramma. Vi håpar da at elevane skal sjå samanhengen mellom skolegangen og kva for yrke dei kan velje i dei tre kommunane.

20. november vil 10.klassingane delta på ein næringslivsdag i Surnadal Kulturhus. På denne dagen vil dei få presentert næringslivet i dei tre kommunane. Også elevane på vg2 ved Surnadal vidaregåande skole deltek på arrangementet.

Surnadal vidaregåande skole håpar 10. klassingane i Halsa, Rindal og Surnadal kommunar har fått eit godt innblikk i vidaregåande opplæring og ønskjer dei til lykke med vala!

Det skriv Surnadal vidaregåande skole på si heimeside