Phoenix Reel

Hotellet satsar irsk igjen

Med irsk pubmusikk på repertoaret, sørga trubaduren Erik Asp saman med Ann Helen Brøndbo Foosnæs for stor stemning på Vårsøg Hotell tidlegare i år. Til helga kjem dei tilbake, Asp for å spele solo fredag og begge som del av gruppa Phoenix Reel laurdag. - Det blir minst like bra musikk denne gongen, så vi håpar surnadalingar og rindalingar tek turen til Musters og blir med på festen, seier kjøkkensjef Ida Elisabeth Dønheim.

Fire dyktige musikarar, busett i Nord-Trøndelag, miksar sine musikalske erfaringar i Phoenix Reel. Gruppa starta som eit ”stuntoppdrag” under Steinkjermartnan -07, og etter responsen og påfølgende etterspurnad, valgde musikarane å satse på dette bandprosjektet.

Instrument som fele, banjo, gitar, dobro, gitjo, bouzoki, mandolin, akustisk bass, munnspel og fleirstemt song, gir Phoenix Reel eit akustisk særpreg som er verdt å lytte til. Dersom Phoenix Reel skal settast i ein musikalsk bås, blir det i den store ”roots”-båsen, med hovudvekt på irsk og amerikansk folkemusikk, ispedd musikalsk ”krydder” frå inn- og utland.

- Vi anbefalar også folk om å ta turen innom Musters for ein matbit først. Vi har eit godt utval av mat og drikke som passar godt til å skape irsk stemning, seier Ida Elisabeth Dønheim hos Trollheimsporten-medlem Vårsøg Hotell.