Hud og latter med 2 X Kveli
Humoristane hadde måtte ty til sterke verkemiddel i kampen om publikum i ei førjulstid full av arrangement. Dei hadde lova å vise ALT under verdspremieren i Surnadal, og det burde derfor ikkje ha kome som ei overrasking på publikum at dei stilte i berre underbuksa på scenen. Trusene vart kasta etter kvart, men meir vil vi ikkje avsløre om det…
No kan sjølvsagt lovnaden om å vise alt, også innebere at forestillinga viste smakebitar frå ein mangeårig humorkarriere. Det var tett mellom høgdepunkta, og latteren satt laust i salen. Fleire av innslaga er tidlegare glansnummer frå Revyfestivalen på Høylandet. Det som kjenneteiknar duoen er som før særpreg, originalitet, friske poeng og dei mange gode karakterane dei skapar.
Det var på førehand uklart om det vil bli fleire oppsetningar av denne forestillinga. Dersom premieren gjekk bra, ville dei spela forestillinga fleire gonger, viss ikkje ville det bli med den eine i Surnadal. Etter premieren bør det heilt klart ligge an til «Kvelihumor.no og da» i fleire bygder!