Kveli

Hud og latter med 2 X Kveli

Humorsøskenbarna Sigmund og Sveinung Kveli hadde lova å vise ALT under forestillinga på Surnadal kulturhus laurdag kveld, og det var derfor ikkje overraskande at det vart mykje både av hud og latter på publikum i ei velfylt Storstue. Forestillinga karane kom med denne gongen, heiter «Kvelihumor.no og da», og var noko så sjeldan som ein verdspremiere i Surnadal!


Humoristane hadde måtte ty til sterke verkemiddel i kampen om publikum i ei førjulstid full av arrangement. Dei hadde lova å vise ALT under verdspremieren i Surnadal, og det burde derfor ikkje ha kome som ei overrasking på publikum at dei stilte i berre underbuksa på scenen. Trusene vart kasta etter kvart, men meir vil vi ikkje avsløre om det…

 

No kan sjølvsagt lovnaden om å vise alt, også innebere at forestillinga viste smakebitar frå ein mangeårig humorkarriere. Det var tett mellom høgdepunkta, og latteren satt laust i salen. Fleire av innslaga er tidlegare glansnummer frå Revyfestivalen på Høylandet. Det som kjenneteiknar duoen er som før særpreg, originalitet, friske poeng og dei mange gode karakterane dei skapar.

 

Det var på førehand uklart om det vil bli fleire oppsetningar av denne forestillinga. Dersom premieren gjekk bra, ville dei spela forestillinga fleire gonger, viss ikkje ville det bli med den eine i Surnadal. Etter premieren bør det heilt klart ligge an til «Kvelihumor.no og da» i fleire bygder!

 

Tekst: Norunn / foto: OleT

 

Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og som bildeserie!

  .

 

Kveli
Ulik ryddighet i garderoben tyder på tilsvarande i hovudet. Dei hadde besøkt garderoba til Svarrabergje teaterlag tidlegare. Der var det tomt....
Kveli-IMGP8799
Kulturhusledaren var drege aktivt med i showwet.
Kveli-IMGP8812
Så kom dei ulike karakterane på rekke og rad!
Kveli-IMGP8817
Kveli-IMGP8819
Kveli-IMGP8824
Kveli-IMGP8829
Kveli-IMGP8833
Kveli-IMGP8837
Kveli-IMGP8850
Kveli-IMGP8853
- svogeren som trudde han var neger hoppa mesta ut av bildet som masaikrigar!
Kveli-IMGP8863
Publikum fekk også takk!