Hugo Pedersen blir varaordførar i Surnadal
Når Margrethe Svinvik (Sp) tek over som ordførar i Surnadal får ho med seg Hugo Pedersen (Sp) som varaordførar og Nils Håvar Øyås (Sp) og Eli Vullum Kvande (MDG) som formannskapmedlemmar.
- Med dette meiner eg vi har sett saman eit lag med både kunnskap og erfaring som vil utfylle kvarandre og representere innbyggjarane på ein svært god måte. Eg ser fram til å samarbeid med alle tre, seier Margrethe Svinvik.
- Vi blir eit bra team
Hugo Pedersen fortel at han vart både overraska og glad over å bli spurt om å ta vervet som varaordførar. Han tenkte seg ikkje om lenge før han sa ja.
- Eg trur vi blir eit bra team. Eg får berre kaste meg ut i det. Margrethe er svært dyktig, og det er ho som er sjefen, seier han.
Hugo Pedersen har vore vararepresentant til kommunestyret, og har tidlegare vore overformyndar i Surnadal, før Fylkesmannen tok over den funksjonen. Han er ein engasjert mann, både med gardsdrift og som leiar for Sagatun grendahus, som fekk Surnadal Sparebank sin utviklingspris i vår.
- Eg har eit stort engasjement for dei svake i samfunnet, både unge og eldre, seier Pedersen.
Eli Vullum Kvande påpeikar at det engasjementet er viktig å ha med seg som politikar og.
Økonomien blir hovudfokus framover
Samarbeidspartia Senterpartiet og Miljøpartiet De Grønne er ikkje heilt ferdige med utvalgskabalen enda.
- Men det er god tradisjon å gje frå seg leiinga i eit av hovudutvala til opposisjonen, og den tradisjonen kjem vi nok til å følge, seier Margrethe Svinvik.
Ho legg til at det er mange flinke folk i opposisjonen og, og det må ein dra nytte av. Hovudprioriteten no er å få god styring på økonomien, og da må ein bruke alle gode krefter for å komme i mål, seier den kommande ordføraren.
- Det blir budsjettkonferanse allerede neste veke, og det ser vi fram til, sier Eli Vullum Kvande.
Kvande ser fram til å samarbeide med dei tre andre i formannskapet.
- Vi har stor bredde og kan utfylle kvarandre. For oss i Miljøpartiet De Grønne er det svært viktig å få vår stemme inn i formannskapet og arbeide tett både med rådmannen og ordføraren. Det gler eg meg til, sier ho.
Bildet: Eli Vullum Kvande, Hugo Pedersen, Margrethe Svinvik og Nils Håvar Øyås.