Hundreårig kulturminne

000  Hundreårig A Peder Storholt.jpg
Peder Storholt har sans for kulturhistorie – som denne «borgarlege» musikksamlinga frå rundt 1920.


Tekst og foto: Bernt G Bøe


– Denne må eg vise deg, seier Peder Storholt og held fram ei notebok med mykje tradisjon mellom permane.

Surnadalingen er ivrig verdisamlar. - Folk er ofte tankelause og kastar interessante ting, seier han. Sjøl har Peder teke vare på mykje kulturstoff. Heime på Øye har han både familiearv, ei stor samling prospektkort, kyrkjefoto og mange ærverdige bøker - mellom dei ei rekkje gamle biblar.
 

Borgarleg og folkekjært

Via ein kamerat vart han eigar av den hundre år gamle notesamlinga han opnar for oss. Den har tilhøyrt amatørpianist Bjørg Michelsen som, etter det vi forstår, var fødd i Trondheim i 1898. Ho levde einsleg, og musikken betydde mykje for henne. Ulike klaverstykke og songar, mange med namnet hennar og årstala 1920 og 1921, har ho fått bunde inn til denne solide og vakre boka.

Gulna og slitne noteblad gir innblikk i borgarskapets musikkultur rundt 1920 – med klaveret som viktig møbel i huset. Vår Bjørg må ha vore av dei «flinke piker» som i si høviske oppseding øvde flittig på pianoleksene. Etter desse 40-50 musikkstykka å dømme var ho ein habil musikar som kunne underhalde familie og gjester med songar, valsar og klassiske stykke.

 

Heimsleg og internasjonalt

Utdrag frå «Csardasfyrstinnen» av Kalman vitnar dertil om eit kreativt songmiljø. Like eins dei 8 satsane i «Folkekomedien Taterblod», som med sitt delvis stigmatiserande innhald neppe ville passa like godt i dag. Kjære songar som «Å, eg veit meg eit land», «Mustalainen» og «Sommersol til siste stund» var sikkert allsonginnslag i det trondhjemske hus.

000 Hundreårig c Mustalainen.jpg
Ikkje heilt rett at «Mustalainen» er av Merikanto! Men arrangementet hans gjorde den ungarske skillingsvisa (av E. Szentirmay) populær i Norden. Tittelen betyr «Den svarte» - her meint som «Sigøynaren».
 

Men pianistinna retta også blikket over landegrensene. Ho kjøpte notar frå forlag i heile Skandinavia, Tyskland, England og USA. Boka inneheld både «The Nigger Lullaby» (Oh, my Baby), ein one-step med tittelen «Hawaiian» og «Le Tango du Réve» forutan anna internasjonalt. Og «That Naughty Waltz» (Hold me tightly) var kanskje vågal for si tid?
 

000 Hundreårig b Nordraak.jpg
Forloveden til Nordraak skreiv ned hans «Trubadurvals» etter hukommelsen!
 

Mellom notelinene

Kikkar vi litt bakom notane, finn vi «underhaldningsnyheter» som få i dag kjenner. Tittelbladet til «Troubadour-Vals» av Rikard Nordraak (han med «Ja, vi elsker») fortel: «Komponeret i hans barneaar. Nedskrevet efter hukommelsen af Erika Nissen.» Denne Erika (fødd Lie) var blant våre største pianistar og var forlova med den same Nordraak! Men han døde før han fylte 24 år, og ho vart gift med legen Oscar Egede Nissen. Dei vart skilde, og Erika innleia eit nokre månaders forhold til Bjørnstjerne Bjørnson. Dette var så opprørande at Bjørnsons dotter Bergljot trua faren med pistol!

 

Nedstøva

Tidenes «glømmebok» er rikhaldig. Blant nedstøva namn finn vi jødiskfødde Mathilde Berendsen Nathan (1857-1926). Ho hadde ein stor produksjon. «I Tanker» og «Ungarsk Skizze» er med i boka. Kvinnelege komponistar hadde vi få av den gongen, så ho er verd å minnast. Vi veit også at av dei tre borna hennar døde sønnen Einar i konsentrasjonsleiren Auschwitz under krigen.

000 Hundreårig d Lillebils Vals.jpg
Dansaren Lillebil Krohn, seinare Ibsen, dekorerer framsida på sin eigen vals i nordisk noteutgåve.
 

Om «Lillebils Vals» av Trygve Torjussen: Dansaren som vart tileigna dette klaverstykket, heitte eigentleg Sofie Krohn, men blir hugsa som skuespelaren og revystjerna Lillebil Ibsen. Ho vart i 1918 gift med offiser og regissør Tancred Ibsen – som igjen var barnebarn av både Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Ibsen. Kulturhistoria har mange trådar i veven!

Så absolutt – boka hans Peder er ei skattkiste. Kanskje bør vi ta fram att nokre av desse salongstykka når vi ein gong blir koronafri og kan samlast til nye musikkstunder på grendahuset?

I alle fall ville Peder Bergheim, bestefar til samlaren, ha sett pris på tonesamlinga. Han var i si tid ein ettertrakta korbass både i byen og heimbygda og hadde nok heilt sikkert kosa seg med «Barndomsminne frå Nordland», «Eg elskar dei voggande tonar» og «Sommersol til siste stund»!