Picasa

Hurra, no er vi i gang!

I dag var det byggestart på ridehallen til Trollheimen Ride- og Kjørelag på Nymoen i Surnadal. Det var svært glade representantar for laget som inviterte representantar frå kommunane, entreprenørane og pressa til markering av denne milepælen etter 4-5 års planlegging.

Gro Løfaldli og Solvår Halset frå Trollheimen Ride- og Kjørelag stråla om kapp med regnet når dei spanderte kaffe og fint dekorert blautkake på dei inviterte. Planlegginga starta alt i 2007, og Gro Løfaldli meinte det hadde vore positivt med så grundig planlegging. Trollheimen Ride- og Kjørelag dekker no 3 kommunar, Halsa, Rindal og Surnadal. Om lag 1/3 av medlemmene er frå Rindal. Medlemmene er svært aktive og gler seg over at dei no får denne ridehallen. Hege Sæther Moen har gjort ein kjempeinnsats som prosjektledar for hallen, sa Løfaldli, som også understreka at ho hadde eit svært kompetent styre med seg. Ja, heile klubben stod samla bak dette prosjektet!

Det er spesielt at tre kommunar går saman om eit slikt anlegg, faktisk den første ridehallen som er interkommunal utan at den er kommunal! Halvparten av dei 5,9 mill ridehallen er kostnadsrekna til kjem derfor frå tippemidlar. Surnadal skyt inn 1,5 mill, Rindal 265 000 og Halsa 130 000 kroner. I tillegg kjem det årleg driftstilskott frå kommunane. Rindal Sparebank og Surnadal Sparebank har gått saman om ein felles gave til bygget, og fleire bedrifter har gitt gåver.

Rindals-Tre AS er hovudentreprenør for ridehallen. Mikkelsen Maskin har grunnarbeidet og starta i dag. Stålet blir levert av Alf Kvam, treverket blir levert av Bygmakker og Kvatro. Ytterkleinga blir Møre Royal. El-Co skal vera ansvarleg for strøm og Comfort Surnadal tek rørleggjararbeidet. Gaute Røen frå Rindals-Tre AS håper dei kjem under tak før snøen kjem.

Ridehallen får ein ridearena på 20 x 60 meter og det er internasjonalt godkjente mål for slike ridebanar. Vidare blir det kafeteria/møterom med kjøkkenkrok og toalett universell utforming. I andre etasje blir det dommarbu og publikumsplassar.

Frå venstre ordførar i Halsa, Ola Rognskog, kasserar i Trollheimen ride- og kjørelag, Solvår Halset, Rune Mikkelsen (bakerst), konstituert rådmann i Surnadal, Gunhild Eidsli, kulturleiar i Surnadal, Lilli Husby, Leiar i Trollheimen ride- og kjørelag Gro Løfaldli, Jon Arvid Haugen – Mikkelsen Maskin (Heilt bakerst), kulturleiar i Rindal, Morten Møller, og leiar for livsløpskomiteen i Rindal, Ann Elin Hess Brønstad.

 

Klikk på bilda nedafor og sjå dei større!

 

1-IMGP7053
Gro Løfaldli og Solvår Halset med kake
1-IMGP7052
- som var tekstpynta
1-IMGP7074
Jon Arvid Haugen og Rune Mikkelsen frå Mikkelsen Maskin hadde alt fått flytta matjorda.
1-IMGP7063
Gaute Røen frå Rindals-Tre AS i lag med Haugen og Mikkelsen
1-IMGP7075
Her skal det bli ridehall!