Hva er det med Rindalskonfirmantene?

Det er Lene Gåsvatn som har sendt Trollheimsporten en e-post med dette spørsmålet. Konfirmantane har hatt leir på Søvasslia sist helg, og me er mange leiarar som er ganske så forundra. At det går an å oppføre seg slik når ein er konfirmant?? Går det verkeleg an?

Visst går det an: Høflege er dei. Høyrer etter gjer dei. Dei gjer som dei blir bedt om – noko uregelmessigheit på nattestid må me altids tåle. Dei er interessert i det me driv med. Dei er positive og greie. Dei er til å bli glad i.

No har eg tru så det held: Dette konfirmantåret kjem til å bli bra. Konfirmantane har sjølve fått tydeleg nok beskjed med takk for at dei er så greie å ha med å gjera. Så skadar det vel heller ikkje om heile bygda blir informert om at konfirmantane av i år er som frynsegode for presten å rekne. Heldig er eg som skal arbeide med slik ungdom dei neste månadane – eg deler gjerne oppgåvene med fleire.
 
Lene Gåsvatn.